Politikarmesterskapet i Vassgrautlaging

fredag 11. september 2015

«Dette har vore valkampens hittil største seier!» seiar vinnaren.

Etter ein livleg landbruksdebatt på Fjoset gjekk Per Sandberg (FrP) og Per Olaf Lundteigen (SP) direkte til kokkekonkurranse i Matkvartalet. Her skulle det konkurreras om å lage vassgraut, ein grøt beståande av vatn, byggmel og litt salt. «Eg er veldig glad for at den ikkje består av mjølk» seier Sandberg, som er redd for at grauten skal svi seg i botn. Dette er ein konkurranse der både tid, erfaring med grautlaging og smakssansen spel inn. Erfaring har Sandberg tydeleg nok av; «Eg har vekst opp med dette – me laga mykje graut i barndommen min». Han ser fram til å gå i konkurranse mot Lundteigen, men innrømmar at det skal bli vanskeleg å slå Senterpartipolitikaren.

Klar – ferdig -  gå! 
Etter oppvarming og førebuing hos politikarane og deira rådgivarar er konkurransen i gang, og det kokast og rørast for harde livet. Hjartdal Bygdemølle, som arrangera konkurransen, meiner at dei kritiske elementa i grautlaging er å ha riktig mengde graut i forhold til vatn, og for god smak må man ha i nok salt. Smak og konsistens er viktig, men det aller viktigaste er at begge deler harmonerer. Dommaren, som jobbar som baker i Nofima, er ein eminent vassgraut-kjennar og har ein klar meining om korleis han ynskjer at grauten skal smake. Begge deltakarane rører, heller, måler og rører litt igjen, heilt til sveitten begynnar å piple i panna. Lundteigen har hatt i litt meir graut enn Sandberg, og må derfor bruke heile kroppen sin for å klare å røre rundt! «Det ser ut som om Lundteigens graut er noe tørr, mens Sandberg sin er noko for blaut. Ein blanding av dei to kan sjå ut til å kunne ha blitt en perfekt kombinasjon!» seier programleder Terje Svabø, som vidare drømmer om en 50/50 koalisjon mellom FrP og Senterpartiet (riktig nok i grautvegen, ikkje i politikken).

… og vinnaren er!
Tiden er kome da dommaren skal smake på dei to bardagane, for så kåre ein vinnar. Begge forsøker å dandere grauten sin slik at den ser innbydande og freistande ut, men det er ikkje til å komme unna at Lundteigens grautbidrag er urovekkande tørr og tung i konsistensen. «Den eine grauten er noko for salt, men fin på konsistens. Den andre er god på smak, men ikkje ein grøt verdig kva gjelder konsistens» meldar dommaren. Da dette er ein konkurranse om å lage graut, må også vinnarbidraget minne om grøt. Vinnaren er derfor, Per Sandberg!

- Korleis følas det å vinne?
- Dette er valkampens hittil beste seier!

Lundteigen vant soleklart på smak, og tar derfor ikkje nederlaget tungt. «Det følas ikkje som eit tap» seier Lundteigen og smiler til Sandberg.

Vi gratulera Per Sandberg med sigeren i vassgrautlaging!