Årets popup-satsing

søndag 16. august 2015

Denne veka har kokken Hanne Frosta frå Bergen hatt inspirasjonsdagar og prøveproduksjon til popup-kjøkkenet i matteltet. 

Onsdag kunne teamet vise fram rettane som skal serverast for fyrste gong.

- Så godt som alle råvarer som er i bruk på popup-kjøkkenet skal hentast frå lokalmat-teltet fortel prosjektleiar på Dyrsku'n Margit Nordstoga Aasan.

Hanne Frostad har hatt med seg kokkelærling Chandra Subba frå Skien, Henrik Langkås frå Hørte, kokk Morten Tungesvik frå Bergen og Oddvin Slåttedalen frå opplæringskontoret i Telemark under inspirasjonsdagane.

Teamet har blant anna bruka varmrøykt aure frå Aketun Fisk, spirer frå Hoppestad gård og ost frå Lega.

- Det har vore veldig kjekt å jobbe med desse rettane. Vi har diskutert og smakt oss fram til kva som skal vere med. Det er eit veldig bra konsept å bruke råvarer i teltet istaden for bare å lage noko, meiner Frostad som i fleire år har drive restauranten Hanne på høyden i Bergen. Ho har blant anna fått Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris for innsatsen.

Meir informasjon om årets Popup-telt kjem på her på Dyrskun.no