Praktisk informasjon til deg som skal på dyrsku´n!

søndag 30. august 2015

Med under 10 dagar att til årets Dyrsku kan det vere greitt å begynne planlegginga av årets marknad. Her finn du nokre viktige tips og triks for deg som skal på Dyrsku´n!

Opningstider:

Fredag:           09:00 – 20:00
Laurdag:         09:00 – 20:00
Sundag:          09:00 – 18:00

Vegbeskrivelse:

Seljord ligg rett ved E134 som går frå Oslo til Haugesund/Bergen. Ta av til Seljord og køyr mot Dyrskuplassen.  Avstandar frå Oslo 180 km, Bergen 300 km, Kristiansand 195 km og Trondheim 640 km. For meir info les her.

Parkering:

Det er ei rekke parkeringsmoglegheiter rundt Dyrskuplassen. Følg tilvisingar frå parkeringsvakter og politi for oppdatera informasjon. Pris for parkering 60,- per dag. Ettersom det er mange som kjem med bil oppmodar me til samkøyring og kollektivtransport der det er mogleg. For meir informasjon om parkering og kart over området sjå her.   

Overnatting:

Det er veldig mykje folk i Seljord og omegn under Dyrsku´ n og det kan vere utfordrande å finne overnatting. Ta kontakt med Visit Seljord så vil dei hjelpe deg med informasjon om dei ulike overnattingsmoglegheitene. Telefonnr.: 35 05 04 00

Kollektivtransport

Dyrsku´n samarbeider med Telemark Bilruter, og har satt opp egne Dyrsku-pakker med buss frå både Skien og Bø. Priser og sal finn du her.

Det går tog til Bø i Telemark frå både Oslo, Kristiansand og Stavanger. Derifrå er det buss-samband vidare til Seljord.

Dyr på Dyrskuplassen

Me anbefaler at publikum let hundar og andre kjæledyr bli heime under Dyrsku´n. I nokre område vil det bli adgang forbode for hundar, t.d. i område der det er utstillingsdyr, og der det er matsal innandørs. Hund og eigar vil bli synt vekk frå desse plassane dersom oppmodinga ikkje blir etterkome.

Program

Her er årets program.

Årets utstillarar

Her finn du ein oversikt over årets utstillarar.

Billettar

Kjøp billett på førehand og unngå kø når du kjem fram. Alle som kjøper sin Dyrsku-billett på førehand er med i trekninga av eit gåvekort på kr. 10 000,- Billettar kjøpast her.

Prisar: 

Dagsbillett: 180,- (Born: 80,-)
Helgebillett: 440,- (Born 180-) 


Servering

Det er ein rekke utsalsbodar på Dyrskuplassen som serverer både kald- og varmmat i tillegg til drikke. På Storstogo ved hovudinngangen vil det vere skjenkebevilling.

I tillegg vil me anbefale alle å ta turen innom Matteltet der utstillarar og produsentar frå heile landet presenterer sine produkt og matvarer. Her finn du oversikt over alle serveringspunktane på Dyrskuplassen.

Kart

Klikk på linken og last ned:

Radio Dyrsku´n

Hald deg oppdatera på Dyrsku-radioen under Dyrsku´n. Her vil du kunne lytte til spennande reportasjar, trafikkinformasjon og siste nytt frå plassen.  Dyrsku-radioen dekker kommunane Nissedal, Kviteseid og Seljord på fem frekvensar: 107,9 – 106,5 – 104,1  -105,6 – 104,3. Sjå dekningskartet her.

Informasjon

Utanfor Fjoset, langs vegen frå hovudinngangen finn du publikumsinformasjonen. Her kan du ta kontakt om du treng bistand, har mista noko eller har noko på hjartet.

Rullestoltilgang

Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Ta kontakt på post@dyrskun.no eller ein av vaktene for meir informasjon.  Handicap-parkering er merka på kartet.