Rekorddag pa Dyrskun

11. september 2015

”Dagen i dag har vore fantastisk” fortel dagleg leiar Geir Helge Espedalen. Dyrsku´n har i dag nådd ein ny milepæl. ”For fyrste gong i historia har det vore over 30 000 besøkande inne på Dyrskuplassen på messas fyrste dag. Totalt 30 200 er registrert gjennom portane. I tillegg har publikum vore i handlemodus. Utstillarane er kjempefornøgde og på kjøkkenet har me selt ut all lapskaus. I kveld er kjøkkenpersonell på vakt for å lage nye forsyningar!” avsluttar en fornøgd Espedalen.

Sommarleg start på Dyrsku´n

Allereie klokka åtte var det kø utanfor Dyrskuplassens fire portar. Alt frå skuleklasser til pensjonistar, småbarnsmødre og vennegjengar hadde i dag tatt turen til Dyrsku´n. Til felles hadde de eit håp om å sikre seg den gode handelen, kikke på dyra, reise på tivoli eller møte kjente. Og fekk dei ikkje tid til alt har me heldigvis to Dyrskudagar til i vente!

Landbruket seira på Fjoset

Sjølve hjartet av Dyrsku´n, Fjoset, har i dag representea et bredt spekter av landbruk med dyrehold, framtid og matproduksjon i fokus. Det har blitt framvist, og kåret, det beste av ku, kalv, kjøttfe og geit. Resultantane finn du her! 

Under fjorårets mykje omtalte, men svært godt besøkte opningsprogram var det Mat- og landbruksminister Sylvi Listhaug som sto på scenen. I år var det Ingebrigt Steen-Jensen som hadde fått det ærefulle oppdraget å opne det 150. Dyrsku´n. Forventningane var store; korleis ville Ingebrigt ta over stafettpinnen? Ville det komme like mye folk som i fjor?

Allereie fem over eit kunne vi sjå konturane av svaret. Årets opning var ein suksess!

Konferansier Aasmund Nordstoga hadde publikum i si hule hand frå start til slutt. Med musikalske og humoristiske innslag presentera han både Seljord-jenta Marie Tveiten, ordførar Jon Svartdal,styreleiar i Dyrskuǹ, samt fotballidioten (og landbruksentusiasten) Ingebrigt Steen Jensen. Sistnemnte fekk salen til å boble med både trampeklapp og allsong. (Jepp, heile publikum avslutta årets opningsprogram med den norske klassikaren Mellom bakkar og berg !)

I valkampens hete

Sjølv om den politiske bodskapen var godt representera under Ingebrigt si opningstale var det fyrst under årets debatt at politikken fekk full merksemd. Dei fem debattantane Per Olaf Lundteigen (SP), Per Sandberg (FrP), Lars Petter Bartnes (Bondelaget), Ann Merete Furuberg ( Norges Bonde og Småbrukarlag ), Ingebrigt Steen-Jensen og forskar Ivar Gaasland sto for heite argumentasjonar og diskusjonar til publikums store begeistring.

Stortingsrepresentantane fekk duellert på eit litt anna nivå då Hjartdal Bygdemjøl inviterte til vassgraut-konkurranse i Matkvartalet. Etter ein spennande duell var det til slutt Sandberg som gjekk av med sigeren i den uformelle konkurransen.

Folkemusikk og tatoveringar

Men Dyrsku´n er ikkje berre politikk og fag. Fredag kl. 17.00 var det samla 65 dansarar og folkemusikarar frå Telemark på Fjos-scenen til ”Ung vind i historisk sus”. De unge kunstnarene imponera publikum som hadde tatt turen til Fjoset fredag ettermiddag.

I morgon ventar ein ny dag, med endå fleire moglegheitar. Og heldigvis, godt Dyrsku-vær!