husflidtevlinga 2015

28. august 2015

20 domarar var torsdag 27. august i full sving med døming av dei flotte bidraga som var levera inn til årets husflidstevling!

Totalt sett er kvaliteten svært høg i år, ikkje minst er det svært mange gode rekruttarbeid, og døminga har vore  både spennande og utfordrande.

Totalt var det 84 deltakarar, med totalt 182 produkt, kor av 37 deltakarar var nye i år! Dette er me svært nøgde med, seier Eva Flatin, fagansvarleg for Husflidsutstillinga på Dyrsku´n. Me ynskjer å nå ut breidt, noko mangfaldet i produkt og antall deltakarar syner at me klarer. Juryen har tildelt både Nyskapingspris, Stimuleringspris og Norges Husflidslag pris for godt handverk. Desse prisane vert publisert «Dyrskutorsdagen», øvrig premiering finn du her.

Årets dommarliste finn du her.