Norsk Landbrukssamvirke + Dyrsku´n

Felleskjøpet 2014

27. juli 2015

Norsk Landbrukssamvirke og Dyrsku’n, Noregs største landbruksmesse, har blitt einige om ei samarbeidsavtale. Målet med samarbeidet er å fremje norsk landbruk.

Dei siste åra har det vore ein enorm auke i interessa for landbruk og matindustri. Målsetjinga med avtala er å bruke Dyrsku'n til å folkeleggjere, opplyse og engasjere det norske folk om landbruk og matindustri. Dyrsku'n vil i større grad fokusere inn mot born og ungdom. Saman vil partane utvikle aktivitetar til Dyrsku'n som bidreg til å fremje norsk landbruk.

Heiagjengen for landbruket og den norske bonden har aldri vore større. Dyrsku'n inviterer bønder, bygdefolk og landbruksentusiastar frå heile landet til å kome saman, og det vil vi vere ein del av, seier Ola Hedstein, administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke 

Dyrsku'n skal vere eit nasjonalt fyrtårn for bygdekultur, med tradisjon, fornying, verdiskapning og kunnskapsformidling. To av våre viktigaste segment er landbruk og mat. Med våre 90 000 besøkande på tre dagar i september, skal vi etablere oss som ei nasjonal landbruksmesse der bønder frå heile landet samlast. På Dyrsku'n skal viktige spørsmål innan landbruk og mat diskuterast, forum skal etablerast og nyheiter skal lanserast. Vi har ambisjonar om at denne arenaen skal vere sentral for våre viktigaste nasjonale og internasjonale spørsmål innan landbruk og mat for framtida, seier Geir Helge Espedalen, dagleg leiar i Dyrsku'n.

Dyrsku'n og Norsk Landbrukssamvirke skal skape optimisme for landbruket

Dyrsku'n har sidan opninga for 150 år sidan vore ein viktig institusjon og pådrivar for landbruket. Ikkje minst med tanke på arbeidet rundt avl som vart gjort rundt opninga av Dyrsku'n i 1866. Dyrsku'n har, som landbruket for øvrig, endra seg mykje sidan starten, men er i dag ein viktigare møteplass for norsk landbruk enn nokonsinne.

Meir enn nokon gong trengs det felles arenaer for å la seg inspirere til å møte utfordringane og moglegheitene landbruket og matproduksjonen står overfor. Dyrsku'n styrker norsk landbruk overfor Ola og Kari Nordmann og bygger stolthet og kunnskap for framtidas satsing på eit innovativt og bærekraftig landbruk, seier Hedstein. 

Dyrsku'n er ein svært viktig arena for næringa, ikkje berre med tanke på den betydelege salsmessa, men og som felles arena for produsent og forbrukar, organisasjonar og bedrifter. Samarbeidet med Norsk Landbrukssamvirke er viktig for å sikre Dyrsku'n si faglege tyngde som landbruksmesse og ikkje minst som utviklings- og innovasjonsarena.

Saman med Norsk Landbrukssamvirke kan vi bidra til å setje viktige tema på dagsorden og ikkje minst skape ein felles møteplass for bønder, forbrukarar, bransjeorganisasjonar og andre aktørar i næringa. Her har Dyrsku'n saman med Norsk Landbrukssamvirke ein betydeleg moglegheit til å formidle ny kunnskap ut til folket og bidra til at søkeljoset rettast mot norsk landbruk.

Om Norsk Landbrukssamvirke:

Norsk Landbrukssamvirke er ein interesseorganisasjon for 16 bondeeigde samvirkebedrifter i landbruket. Medlemmene sysselsett om lag 17 000 personar og har ein samla omsetnad på 75 milliardar kroner. Hovudaktivitetane er knytt til matproduksjon basera på norske råvarer, kjent gjennom merkevarer som TINE, Gilde, Prior, Gartnerhallen og Hoff.