Stimuleringsprisen 2014

11. mai 2015

Ann Iren Kamfjord frå Nøtterøy fekk i 2014 Stimuleringsprisen på Dyrsku´n. Les juryens begrunnelse her.

"Stimuleringsprisen skal gå til ein handverkar som utmerkar seg med godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid." Det var i år Ann Iren Kamfjord frå Nøtterøy, student ved Folkekunst II Tekstil ved HIT Rauland som gjekk av med seiaren i stimuleringsprisen. Ho vant med arbeidet ho har levert inn i rekruttklassa i kategorien tekstil - håndvekste med handsaum i tradisjonelle teknikkar, men med eit moderne og spanande utstykk. 

Domaranes forklaring: "Spanande og nytenkande med særs vellukka og kontrastfylt materialval. Flott form og ein vellukka komposisjon som gjev ein harmonisk heilhet." Sidan Ann Iren Kamfjord er deltakar i ei rekruttklasse og i tillegg student, ynskjer dommarane med denne prisen både å gje henne ein velfortent utmerking, samtidig som dei ynskjer å lyfte fram og stimulere yngre generasjonar til vidareføring av tradisjonar og handverk. 

Prisen er gjeven av Sparebanken DIN og lyder på kr. 5.000,- i tillegg til eit diplom.