Tusen takk for i år

Dyrsku'n oversiktsbilde

søndag 13. september 2015

Dyrsku´n 2015 er over. Trass ein litt våt sundagsformiddag kan årets Dyrsku seias å ha vore ein fantastisk suksess. No byrjar arbeidet mot 150-årsjubileet.

Allereie fredag kl. 8 sto publikum i kø utanfor samtlege av Dyrsku´n sine fire porter. Handlelystne og spente sto publikum klare for å sikre seg dei beste tilboda, og oppleve det unike mangfaldet Dyrsku´n har å by på. Dagen skulle vise seg å bli ein milepæl, når heile 30 200 besøkande tok turen til Dyrskuplassen. Aldri tidlegare har det vore over 30 000 besøkande på opningsdagen.

I tillegg til å oppleve ein av landets største marknadsplasser, fekk publikum høyre heite debattar blant både landbruksengasjerte og fylkespolitikarar. Mest merksemd fekk nok stortingspolitikar Per Sandberg (FrP) og Per Olaf Lundteigen (SP) som gjekk i tøff duell om framtidas landbruk. Det var i år Ingebrigt Steen Jensen som fekk æra av å halde opningstala, ei tale som vil bli hugsa i lang tid framover. Fotballidioten og landbruksentusiasten frå Bærum fekk Dyrsku-publikummet til å bryte ut i allsong før han offisielt opna det årlege Fesjået.  

”Dyrsku-fredagen var euforisk”, fortel dagleg leiar Geir Helge Espedalen. ”Aldri før har me hatt så mange inne på plassen, og tilbakemeldingane frå utstillarane er at handelen har vore heilt fantastisk. Publikumstal er sjølvsagt viktig, men for oss i Dyrsku´n er det viktigaste at utstillarar og publikum sitt att med ei god oppleving. Dei 700 utstillarane skapar store delar av innhaldet på Dyrsku´n, og er med på å skape eit spennande mangfald som motiverer publikum til å besøkje Dyrsku´n år etter år .” avsluttar Espedalen.

Besøkande fredag 11.september fekk i tillegg til eit fantastisk sommer-vêr med seg både folkemusikkprogram frå scenen, eksteriørtevling av kjøttfe, kalv, geit og ku. Resultata til årets tevlingar kan hentast ut her.

Handelsdag og familiemoro

Den store handelsdagen har for tradisjon å hamne på laurdag. I år var ingen unntak. Trass nokre varierande vêrmeldingar skulle det vise seg å bli ein fantastisk dag, godt besøkt og fint Dyrsku-ver. Totalt var det 35 000 besøkande innom i løpet av dagen.

Nytt av året var ei større satsing på familie- og borneaktivitetar på Dyrsku-sundagen. Totalt 18 borneaktivitetar var plassera rundt på plassen, men for mange var det nok Lillebror og Knerten som var det store høgdepunktet. Mange baorn og unge satt som tente ljos og fekk oppleve forestillinga som fann stad på Fjoset.

Kulturelle Dyrsku´n!

Kulturen har i mange år vore sentral på Dyrsku´n. Både handverk- og husflidsutstillingane har skapt nasjonal merksemd, og engasjerte utstillarar har gjennom helga fått med seg publikum på tradisjonelle aktivitetar og kunnskapsformidling. Nytt av året var blant anna  konsert på Fjoset med kritikerroste Valkyrien Allstars. Bandet trakk svært mange tilhøyrarar til Foset laurdag ettermiddag.

Totalt var det 80 000 besøkande på Dyrsku´n i løpet av messas 3 dagar. Da står det bare att å ynskje dykk alle velkomne til Dyrsku´n 2016. Året me feirar heile  150 år!