Valkyrien Allstars 

15. juli 2015

For fyrste gong på fleire år kan Dyrsku-publikummet oppleve konsert under Dyrsku´n. Laurdag kl. 18.00 gjerast Fjoset om til ein fullverdig konsertarena når kritikarroste Valkyrien Allstars står på scenen.

Valkyrien Allstars har med sitt utgangspunkt i norsk folkemusikk presentert eit heilt eiget uttrykk som har tatt det norske folk med storm. På sitt fjerde studioalbum, som bleiv gjeve ut i 2014, førte Valkyrien Allstars vidare sin unike sound i gråsona mellom det tradisjonelle og det moderne. Gruppa har gått frå kvintett til kvartett, dåfelespiller Ola Hilmen har valt å ta ein lengre pause.

Bandet består av: Tuva Livsdatter Syvertsen, Erik Sollid, Magnus Larsen og Martin Langlie.

Låtane er i større grad enn tidligare eigenkomponera. Framleis er det innslag av tradisjonelle hardingfeleslåtter og gamle skillingsviser, men det er bandets eigne tekstar og melodiar som dominera utgjevelsen. Bandet har, i samarbeid med produsent Bugge Wesseltoft, gått grundig til verks og verkelig nytta seg av moglegheitene som finnast i Amper Tone studio, der plata er innspelt med Bård Ingebrigtsen framfor miksebordet. Resultatet ber preg av kontrastane mellom det store, kakafoniske og det nære, intime og direkte uttrykket som kjenneteiknar den norske tradisjonsmusikken.

Konserten er open for alle som er på Dyrsku´n laurdag eller med helgepass.