Vinn 10 000 kroner i reisegåvekort

lørdag 18. juli 2015

Kjøp billettar til Dyrsku´n og vinn reisegåvekort på 10 000 kroner!  

For å redusere kø ved framkomst på Dyrsku´n anbefalar me alle å kjøpe billett på førehand. Me vil leggje til rette for eigne køar for førehandskjøpte billettar og sikre at det er nok luker for å sleppe kø ( alle fire inngangane )

I tillegg ynskjer me å gje bort eit reisegåvekort på totalt 10 000 kroner til ein heldig vinnar. Vinnaren kårast 10.september.

Ved framkomst tek du som gjest med deg utskrift av billetten, eller viser fram billetten på ein mobiltelefon. Billetten scannast ved inngangen. 

Buss til Dyrsku´n ? Kjøp Dyrsku-billett inkl. buss

I samarbeid med Telemark Bilruter sett me opp buss til og frå Dyrskuplassen i samband med arrangementet 11. – 13.september. Dyrsku-billett inkl. buss kjøpast på førehand på dyrskun.no. 

Parkering betalast ved framkomst. For overnatting ta kontakt www.seljordportalen.no