Alt klart for ny dyrskudag

10. september 2016

Etter ein fantastisk opningsdag med jubileumsfest, er det no klart for nok ein innhaldsrik dag på Dyrskuplassen. 32.000 personar var på Dyrsku'n i fredag, det er vel 2000 over den gamle fredagsrekorden.

I dag er det klart for NM i graut i Matkvartalet. Der skal 16 deltakarar kjempe om å lage den beste grauten i klassene tradisjonsgraut og festgraut. Unge og eldre grautkokarar, ein ystar og designer, forskar og sjølvaste leiaren i Norges Bygdekvinnelag har småkoka og førebudd seg til å koke graut i lengre tid. 

Kl. 14.30 er det paneldebatt om "Det grøne skiftet" på Hovudscena. Der stiller Ola Elvestuen (V), Kåre Gunnar Fløistad (Zero), Stein Lier-Hansen (Norsk Industri), Olav A. Veum (Skogeigarlaget) og Petter Ellefsen. 

Like etter er det bryllaup på Sterke Nils-tunet. Då skal Brit Kristin og Vidar frå garden Nærheim i Suldal fyrst vigslast for så å bli smidd i Hymens lenker. Seinare går det slag i slag med blant anna prisutdelingar, jubileumsspel og ei rekke mange andre aktivitetar.