Årets jolegåve

Årets jolegåve

fredag 18. november 2016

Fekk du ikkje kjøpt alle jolegåvene på årets jubileums-Dyrsku? Det er fortsatt ikkje for seint!

Praktboka frå Dyrsku'n vart utgjeven i samband med 150-årsjubileet i 2016, og inneheld ei stor og unik samling av bilde frå Dyrsku'n opp gjennom tidene. Det historiske stoffet er skrive av journalist og sakprosaforfattar Halvor Kleppen. Han meistrar både alvor og skjemt, tradisjon og trend. Håvard Rem haustar av dei observasjonane han gjorde og dei assosiasjonane han fekk etter å ha vore tilskodar på Dyrsku’n hausten 2015. På diktarisk vis skriv han om folk og fe, kultur, visjonar, verdiar og mykje meir. Fotograf Marte Vannebo sine bilde og hennar spesielle blikk for stemning og detaljar gjev boka ein ekstra dimensjon.

Jubileumskruset frå Porsgrund Porselen vart utseld på årets marknad, men vi har no fått i hus eit nytt opplag – det er altså mogleg å sikre seg eit minne frå jubileumsåret som gåve, eller kanskje som gåve til deg sjølv?

Ring oss, eller kom innom oss i Storstogo for å sikre deg dei flotte produkta!