Årets stand er EIK senteret

10. september 2016

Prisen for beste stand går i år til kategorien landbruk/landbruksmaskin. Premien er eit diplom av kunstnaren Borghild Telnes frå Firingan Kalligrafi.

Kriteria som ligg til grunn for valet er: 

  • Funksjon/tilgang 
  • Korleis varene vert presentera
  • Korleis utstillar møter kunden 
  • Om det er ryddig og innbydande 
  • Inspirasjon for publikum og andre utstillarar

Juryen har valt ut tre verdige kandidatar innan kategorien. Maskinar og utstyr treng større og større plass, og utstillarane har ein krevjande jobb med å lage ei presentabel utstilling der publikum får ei fin oversikt over produkt og som kan vere til inspirasjon for kunden. Vi meiner at vinnaren har klart å sette opp standen sin på ein ryddig og fin måte, til trass for både store og mange maskinar og produkt. Standen har god tilgang, er innbydande og publikum blir møtt med hyggelege tilsette med god kunnskap om sine produkt. 

Vinnaren av Beste stand på Dyrsku'n 2016 er Eik senteret - stand B203