Årets gjesteutstillar 2016 i Matkvartalet

Eiker gårdsysteri

19. februar 2016

Bli betre kjent med Eiker Gårdsysteri, årets gjesteutstillar i 2016!

Kvart år peiker vi oss ut eit tema som skal vere ein raud tråd både i Matkvartalet og Sterke Nils-tunet. Det blir arrangera aktivitetar, demonstrasjonar og informasjon kring det valde temaet på begge arenaer. For 2016 er det mjølkeprodukt som er valt ut, og årets gjesteutstillar er Eiker Gårdsysteri frå Buskerud. 

Dei har vore i drift sidan 2003, og har ein gardsbutikk der alle er velkomne til å både handle og sjå på dyra i fjøset. Slagordet dei brukar er «God ost fra glade kuer». Alle produkta blir produsera av eigen, pasteurisert mjølk frå Toppenhaug samdrift, som ligg vegg i vegg med ysteriet. Det kan ein kalle kortreist! 

Har du vore 

Produsentane fortel litt om modningsprosessen ein ost skal gjennom før den kan kallast lagra. 
«Når vi seier vi lagrar osten, så høyrast det jo relativt enkelt ut, tenker du kanskje. Men ein ost som lagrast, ligg definitivt ikkje på latsida! Kvar veke (i dei fyrste vekene er det faktisk kvar dag!), skal den vaskast med saltoppløysning og snuast, slik at den stabiliserast og får ein jamn modning og ein fin, tørr skorpe. Det er faktisk veldig mykje jobb for å få ein ost klar, frå ku til konsum!»

Eiker Gårdsysteri produkt

Eiker Gårdsysteri har fleire premiera ostar i sitt sortiment, og osten Eiker Holtefjell XO fekk tildela Spesialitetsmerke UNIK SMAK i 2013 og bronse i World Cheese Award i 2014. I tillegg har dei motteke både gull og sølvmedalje under Landsutstillinga for gardsost, og er ein mykje bruka ost på mange topp-restaurantar i Noregs land. Holtefjell er ein eksklusiv, fast modna lagringsost med raudkittskorpe, som kjem i 3 ulike modningsgradar.

Ein anna godt premiera ost i sortimentet deira er Gruveosten. Dei starta å produsere den i 2007, og den ligg på lagring i gruvene på Blaafarveværket på Modum i minimum 6 månader, der det spesielle miljøet i gruvene med stabil temperatur og luftfuktigheit gjev eit unikt resultat. For denne osten har dei motteke Spesialitetsmerke UNIK SMAK på Matstreif i 2014. 


Dyrsku’n gler seg til å ynske Eiker Gårdsysteri velkommen til jubileumsfeiringa i 2016!