Auksjon av kjøttfekviger!

17. juni 2016

Bli med på auksjon! 

I samband med jubileet kan publikum, for fyrste gong på mange år, delta i auksjon av kjøttfekviger under årets Dyrsku. Her er det moglegheiter for alle å by! 

Auksjonen vert avholdt fredag 9. september etter at den ordinære kjøttfeutstillinga er ferdig. Det er stambokførte kviger som skal auksjonerast bort, og det vil vere både drektige og ikkje-drektige kviger som vil gå under hamaren. 

Rasar som er påmeldt til auksjonen: 

  • Charolais
  • Hereford
  • Highland cattle
  • Dexter
  • Angus 

Vi oppfordrar alle som er interessera eller nysgjerrige i kjøttfe å kome til Ridebanen denne dagen. 

Håkon Marius Kvæken er auksjonarius. 

Les meir om årets tevlingar her.