Besøksrekord under jubileet

12. september 2016

Dyrsku´n sitt 150 årsjubileum vart krona med besøksrekord - totalt 94 248 var innom portane i helga.

"Vi har fått overveldande mange gode tilbakemeldinger frå publikum og det meldast om godt sal hjå utstillarane. Eg er storfornøgd med årets jubileumsarrangement og vi vil takke besøkande, utstillarar og samarbeidspartnarar som gjer Dyrsku'n til ein stor folkefest", seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.