Tut og køyr på Dyrsku'n

søndag 11. september 2016

Dyrsku'n har i år opna eit heilt nytt utstillarområde på plassen, og her er det bilforhandlarane som regjerer. Det bognar over av snasne, stilige, lekre, praktiske, trygge, familievennlege og rett og slett kule bilar.

Alt i alt finn ein opp til 35 ulike bilmodellar på området. Og sidan det er Dyrsku’n, kjem sjølvsagt mange av desse med eit godt tilbod til sine kundar. Som dyrskugjest kan ein altså bli den lukkelege eigar av anten ein Mercedes-Benz, Mazda, Volvo, Jaguar, Land Rover, Subaru, Ssang Yong eller Chevrolet. Puh! Lassen Auto, DAF Norge AS og Autostrada AS står klar med opne armar og ynskjer deg velkomen inn.

Knallopning for Autostrada

Cesilie Kullerud, marknadssjef i Autostrada AS er strålande fornøgd med årets Dyrsku’n så langt. Med 21 bilar på stand, ein svær racing-trailer med telt og mange tilsette på jobb er Autostrada godt rusta til å ta imot alle bilinteressera Dyrsku-gjester.

Vi gjekk «all in» i år og utvida området vårt. I fjor hadde vi 500 kvm, i år har vi 700 kvm. Og godt er det – vi har hatt masse folk innom. Vi har alt selt fleire biler, og mange har fått tilbod som vi skal følge opp over helga. Det ser ut til å bli eit rekord-år for oss, og det er jo veldig moro.

Autostrada vart i sommar den nye Jaguarforhandlaren, og interessa for den lekre sportsbilen som står på utstilling har vore stor. Kullerud synes det er bra at folk er i ferd med å få auga opp for bilmerket;

Vi har besøkande innom standen vår heile dagen, både dei som er interessera i å kjøpe bil, men også dei som berre vil sjå på bilene eller ta ein pust i bakken med ein twist-sjokolade. Det var spesielt mange som fekk med seg Autostrada-standen på opningsdagen i går. Det vart reine festen utpå kvelden da Autostrada sin innleidde DJ, Stine frå Oh Mama, snurra plater frå lemmen på racing-trucken.

Det var kjempegøy, folk strøymde til, dansa og kosa seg. Autostrada jobbar jo for å begeistre på alle punkt – så vi kan vel seie at gårsdagens fest var i rett ånd, avsluttar Kullerud. 

Det ser altså ut til at jubileumsåret også er bilforhandlaranes år, og samtlege av bilutstillarane er godt fornøgd med besøk og sal så langt. 

Og det er klart folk kosar seg når så mange nypolera og skinnande bilar står på utstilling, spesielt når ein kan prøvesitte kvar og ein av dei. Kven elskar vel ikkje lukta av ny bil?