Bjørg frå Åmotsdal er årets Grautgrams 2016

11. september 2016

Laurdag formiddag var det endeleg klart for historias fyrste Noregsmeisterskap i graut. Totalt 16 deltakarar var med i konkurransen, som gjekk av stabelen utanfor Storstogo på Dyrskuplassen.

Eit fullstappa serveringstelt fekk følgje deltakarane lage graut på storskjerm.

I tillegg til å kåre årets Grautgrams – Noregsmeister i graut - har juryen kåra vinnarane av dei tri grautkategoriane; tradisjonsgraut med vatn, tradisjonsgraut med mjølk og festgraut/nyskapande graut. Totalt 30 ulike grautar vart koka i løpet av konkurransen. Generelt var det særs høg kvalitet og nivå på bidraga som osa av både nyskaping, kvalitet og tradisjon.

Arrangøren er svært nøgd med både oppslutning, mangfald og kvalitet.

Årets Grautgrams og Noregsmeister i graut – Bjørg Nordbø frå Åmotsdal

Det vart til slutt Bjørg Nordbø som gjekk av med den gjeve sigeren. Juryens slutning var at dette er ein perfekt grunngraut. Den er enkel, smakfull og har nydeleg konsistens, er fint koka og er porøs. Grautkokaren syner stor grad av kunnskap når det gjeld grautkoking. Årets grautgrams får fram det beste i dei enklaste råvarene vi har å laga graut av; vatn, bygg og salt. Kandidaten kan graut. Grauten er rein, ærleg, genuint enkel og smakar god graut. Årets grautgrams hadde også ein optimal festgraut, dette syner ein heilskap på kor dyktig grautkokaren er. 

 

Vinnar av kategori  tradisjonsgraut med vatn -  Bjørg Nordbø frå Åmotsdal 

Dette er den perfekte vassgrauten. Makelaus på smak, ypparleg konsistens, god ettersmak, perfekt farge, litt å tygge på og mjøl til passe graut. Den smaka bygg og ikkje vatn, den var aldeles rett salta i høve til mengde og tetthet på grauten, den var passe koka, og den var passe rørt. Den var ikkje seig, men mør og porøs. Dette er ein perfekt grunngraut med pondus.

 

Vinnar av tradisjonsgraut med mjølk - Laila Røsholt Rød frå Andebu 

Grautkokaren syner stor grad av kunnskap for å optimalisere ein graut. Det er tyggemotstand, den er himmelsk på smak, passa syrleg, fargen er tiltalande, og samansetninga er spanande. Konsistensen er heilt optimal. Ein enkel, men næringsrik graut, tufta på norske råvarer. Rett og slett knallgod, og ein graut som byr på seg sjølv. 

 

Vinnar av festgraut / nyskapande graut - Laila Røsholt Rød frå Andebu   

Denne grauten er tufta på tradisjonar på ein særleg god måte. Den har både tradisjonen og eit nyskapande element i seg. Den har ein framifrå konsistens, den er forførande på smak og den har ein tiltalande farge. Grauten har eit visuelt uttrykk som ein stoppar opp og ser to gonger på. Byggrisen gjev grauten ei spenstig oppleving som ein ikkje hadde forventa. Grauten er rein og klar.

Ekstra god heiderleg omtale til Thorbjørn Kristensen frå Stjørdal 

Her får vi servera ein graut som er nyskapande så det monar. Ingen hadde forventa noko som dette. Domarane tenker: Er det ei kake? Er det dessert? Er den kald? Er den varm? – JA – TAKK! Balansen mellom syre og feitt er heilt optimal, grauten har ein rik naturleg sødme. Alle ingrediensane har litt tyggemotstand, det gjer at grauten ikkje vert kjedeleg. Grauten er usedvanleg smaksrik og har eit eineståande visuelt uttrykk.

 

Årets deltakarar i Norges Meisterskap i graut var:

  • Alfred Kristiansen, Tiller
  • Anja Kastnes, Hattefjell
  • Anne Mari Amlien, Bøverb
  • Arnhild Bakken, Flatdal 
  • Aslaug Groven Årnes, Gvarv
  • Bjørg Nordbø, Åmotsdal 
  • Doggerbanken ved Ann Kristin Møsth Wang, Oslo 
  • Duga ved Katrine K. Gammelsrød, Rygge
  • Ellen Krageberg, Biri
  • Faste Gunnarsen Grøt, Haltdalen 
  • Laila Røsholt Rød, Andebu
  • Nofima ved Mads Erling, Ås 
  • Susan Fraser, Asker 
  • Tamara Kuklina, Stavanger
  • Thorbjørn Kristensen, Stjørdal 
  • Kari Moen, Kviteseid