Bli kjent med årets grautgrams-deltakarar

søndag 4. september 2016

Laurdag går historias fyrste Noregsmeisterskap i Graut av stabelen! Bli kjent med årets deltakarar! 

Laurdag 10.september går NM i graut av stabelen på Dyrskuplassen. No kan du bli kjent med årets deltakarar. 

Ellen Krageberg 

Leiar i Norges Bygdekvinnelag frå Biri

God graut-etar som arbeider i det daglege for å fremje trygg, sunn og god mat. 

Eg ynskjer å få fram kunnskap om tradisjonsmat og gode norske råvarer som gir oss den energien vi treng. Eg har tru på at eit sunt kosthald inneheld mykje gode nære varer, og som ikkje er industrielt bearbeida om det ikke er nødvendig.

Faste Gunnarsen Grøt 

Kokk/kjøkkensjef frå Haltdalen

Faste har hatt interesse for mat sidan han var liten, med spesielt fokus for norsk tradisjonsmat, lokale og naturlege råvarer. Faste er såkalt "Foodie- og tradisjonsmatentusiast" som ynskjer å ta vare på og vidareføre våre gamle norske matvaner, gjerne med litt modifisering.

Thorbjørn Kristensen 

Produktutviklar frå Stjørdal

Utdanna gartnar. Kokk og kjøkkensjef. Produktutviklar, og verdsmeister i spesialrett av havre 2015 frå Skotland! 

Min dag startar kl. 0430 og avsluttast kl. 22.00. Skreiv Noregs beste forretningsplan i 2004. Livsnytar!

Nofima ved Mads Erling Pedersen og Bente Kirkhus

Nofima har nettopp avslutta eit forskningsprosjekt der ein har sett på metthet og graut. Sunn graut og metthet, samt forbrukerpreferanser har vore viktige fokusområde. 

Duga AS -Katrine K. Gammelsrød

Dagleg leiar i Duga AS frå Rygge

Kortreist, sunt og smakfullt! Duga byggkorn har mange gode, helsebringende egenskaper, i tillegg til at det smaker utrolig godt!

Tamara Kuklina 

Dagleg leiar og utdanna matematiker / ingeniør frå Stavanger

Tamara driv GRØTBAR i Stavanger i tillegg til Social Cooking. Ho samlar store og små for grøtbuffet der ho serverer ulike spennande grauttyper. Alle er økologiske, laktose- og glutenfri. Tamara håpar å overraske gjestene på NM med noko heilt nytt!

Anja Kastnes 

Bonde/Yster frå Hattfjelldal

Anja Kastnes, kjem frå ein fjellgard i Hattfjelldal der dei driv med geit/osteproduksjon, oppdrett/vidareforedling av fjellrøye og gardsturisme. Ho er utdanna utmarksforvaltar og arktisk naturguide. Elskar havregraut til frokost på tur og til kvardags! :)

Aslaug Groven

Kostøkonom frå Gvarv

Aslaug Groven Årnes, Kostøkonom. Eg er ein "Grautelskar". Graut av havre og bygg er svært verdifullt i kosthaldet vårt. Eg ynskjer å fronte dette. "Start dagen med havregraut, toppa med frisk frukt, eit glas mjølk om du ikkje gjer det."

Bjørg Nordbø

Avdelingsleiar på institusjon frå Åmotsdal

Mangeårig avdelingleiar i eldreomsorga. Nyleg pensjonist. Grendelaget har kokt rjomegraut på dugnad i vel 20 år på Dyrsku'n i Seljord. På dei tre dagane går det mellom 1,8 og 2 tonn graut, så grauten er veldig populær. Eg likar ikkje å skryte, men mange seier at dei må få seg Åmotsdalsgraut. Ei eldre dame sa ein gong at ho ville lære meg å koke god rjomegraut, og då blei det no slik.

Laila Røsholt Rød

Kokk/kostøkonom frå Andebu

Laila brenn for korn, og kornets betydning i eit samfunn. Både i vår tid, men også historisk. Korleis ville eigentleg Norge sett ut i dag befolkingsmessig, om det ikkje var for kornet? Vi har vore avhengige av kornet for å overleve. Tenk for ein fest for smakslaukene. I dag et vi graut av helsemessige grunnar. No er det på tide å framsnakke grauten, spesielt kvardagsgrauten, og tørre å riste litt på bestemor og rope inn i øyret hennar, at grøt er eit viktig måltid! Det er ikkje lågstatus! Kroppen treng alt av kostfiber som er i graut! Og eg er stolt av deg bestemor, at du vaks opp på graut, og ikkje koldtbord til kvart måltid. Det er kanskje derfor du lev så lenge....?:)

Anne Mari Amlien 

Kokk frå Bøverby

Kokk fra 18-årsalderen i institusjon, hotell og driv eigen museumskafe. I tillegg er ho bygdekokke og medforfattar i kokebok/kulturhistorieboka "Amtmanninnen og hennes døtre". 

Doggerbanken v/Ann Kristin Møsth Wang 

Grautforfattar frå Oslo 

Vi lanserer bok, Grøt på ville veier!

Arnhild Bakken 

Husmor og pensjonist frå Flatdal

Har vore husmor og bondekjerring. Jobba på sjukeheim i 10-12 år. Har alltid vore glad i å stelle til mat. Kom inn i ein familie med grautkoking ein gong dagleg. Eg voks opp på eit småbruk og har budd på gard heile mitt liv. Graut har vore ein del av det daglege kosthaldet

Alfred Kristiansen 

Kokk frå Tiller

Sjeldent kreativ, ein stor kunnskapsbærar, utruleg god på smak som får fram kombinasjonar som komplementerer, likar å eksprimentere. Hentar fram tradisjonelle lokale tilbereiingsmetodar kombinert med nye smakar og teknikkar. Er ein stille, stødig, rolig og ein utruleg sindig fagperson. 

Susan Fraser 

Designar og fotograf frå Asker
Entusiastisk grautelskar som elskar norsk mat og natur! Fotograf og design

Kari Moen

Sykepleier / pensjonist
Sykepleier og bondekjerring. Vi har dyrka bygg som vi har fått malt på Hjartdal bygdemylle. Kokar dette til graut kvar laurdag, varierar mellom heilkorngraut og vassgraut av bygg. Borneborna kallar grauten Fargargraut da han er så glad i det. Ungane likar det med brunt sukker og kviteseidsmør og drikkesurmjølk.