Bli kjent med jubileumsprogrammet

Oversikt Fjoset DP

onsdag 24. august 2016

Årets program inneheld eit vidt spekter av både fagprogram, debattar, konsertar, spennande matopplevingar og aktivitetar.

Årets program inneheld eit vidt spekter av både fagprogram, debattar, konsertar, spennande matopplevingar og aktivitetar.  Borna har fått sin eigen dag med familiedag på sundag, og på Hovudscena i Fjoset kan du gle deg til både tradisjonelle husdyrutstillingar, jubileumsprogram og spennande program med bl.a. EAT og Gunhild Stordalen.

Meir om programmet! 

EAT på Dyrsku`n
«Sunn, trygg, og nok mat , berekraftig produsert og sosialt fordelt» er temaet som skal belysast og debatterast av bl.a. Gunhild Stordalen, Landbruksminister Jon Georg Dale og Ole Robert Reitan, på hovudscena i Fjoset fredag kl. 14.30.  Prosjektet er eit samarbeid mellom EAT,  Norsk Landbrukssamvirke og Dyrsku`n 

Festforestilling og besøk frå Kronprinsparet.
Ei storslagent festforestilling fredag kveld  vert krona med besøk og offisiell opning av kronprinsparet. Offisielt program for Kronprinsparet vert offentleggjort på våre heimesider så snart dette er klart. Festforestillinga  startar klokka 19.25 på hovudscena i Fjoset og vert avslutta med ein times lang konsert frå klokka 21.00. Programmet er opent for alle. 

Bryllaup og NM i graut
Laurdag vert det tradisjonen tru arrangert bryllaup på Sterke Nils-tunet, men i år også med vigsel! NM i graut vert også arrangert på laurdag –  kor mellom 15-20 deltakerar skal tevle om å bli landets beste grautkokar!

Eigen familiedag
Sundag er familiens egen dag på Dyrsku`n . Både fredag og laurdag kan born og unge velge blant ei rekke aktivitetar , men på sundag er utvalet endå større! I tillegg set vi opp konsert med Mathea Mari  kjent frå MGPjunior og Morgan Sulele , kjent med «landeplagen» «Bare min» 

Sjølvsagt har husdyr og hest ein sentral plass i Dyrskuprogrammet.  På fredag finn du dei tradisjonelle husdyrutstillingane i Fjoset og på laurdag og sundag kan du sjå nokre av dei flottaste hestane i landet når vi set opp både utstilling og oppvisning for både unghest, vallak og hopper. 

Møteplass for framtidas landbruk
På vår arena «Møt landbruket» vil du kunne sjå alt frå saueklypping til sædtapping, høyre debattar og foredrag, samt bli presentert for spennande innovasjonar innan norsk landbruk.  «Kva er eigentleg trygg mat, og kva betyr brexit for landbruket?» Velkommen til spennande opplevingar i «Møt Landbruket!»