fredag 30. oktober 2015
Bli betre kjent med vår samarbeidspartner, Norges Husflidslag!
Husflid og handverk har i mange år vore ein viktig del av Dyrsku´n. Med ei stor husflidsutstilling, ei årleg sær-utstilling og ikkje minst ein større handelsplass med kvalitetshandverk, har Dyrsku´n blitt ein av dei største årlege visningsplassane for Norsk husflid og handverk. Her finn publikum både tradisjonsrikt og moderne handverk frå dei beste i bransjen.
Samarbeidet mellom Dyrsku´n og Norges Husflidslag har som formål å bidra til kunnskapsformidling, nyskaping og inspirasjon, både til nye og eksisterande husflidsentusiastar. ”Me er stadig på utkikk etter måtar å utvikle oss på", seier kultur- og husflidsansvarleg i Dyrsku´n, Marit Mæland. ”Som helgearrangement er Dyrsku´n heilt avhengig av å samarbeide med organisasjonar med fast drift. Norges husflidslag har eit breitt tilbod gjennom året, og høgast kunnskap om bransjen. Blant anna har dei årlege kurs i bunadsutvikling, smiing, veving, tredreiing og mykje meir. Tilbod me veit er attraktive blant mange av Dyrsku-gjestene.”
Norges Husflidslag vart stifta i 1910 og har i dag heile 24 000 medlemmer over heile landet. Medlemmene er fordelt på lokallag, husflidsbutikkar og husflidshandverkerar. I tillegg har Norges Husflidslag eit eige tidsskrift
Norsk Husflid som utgjevast 5 gonger i året, og er et leiande kulturtidsskrift og fagblad om husflid og handverk.
Under Dyrsku´n i september finn du husflidsutstillinga i hall B og salsutstillarar innan husflid og handverk i hall A.
Sjå kart