Bli jubileumsutstillar på Dyrsku'n!

Jubileumsutstillinga 1966

27. januar 2016

Jubileumsutstillinga på Dyrsku'n har opna alle påmeldingane sine. Vi ser fram i mot mange spennande utstillarar innan handel og ulike tevlingar!

2016 er året Dyrsku'n feirar 150 år, og vi ynskjer både nye og gamle utstillarar hjarteleg velkommen til jubileumsfeiring.

Dei siste åra har vi sett ei aukande interesse for å vere utstillar på Dyrskuplassen, men Dyrsku'n er ikkje berre for landbruk, anlegg, mat og anna handel. Vi har landsutstillingar og tevlingar for dei fleste dyreslaga, i tillegg til ei stor og velkjend husflidsutstilling med deltakarar frå heile Noreg. 

Frå starten skulle Dyrsku´n fyrst og fremst tene landbruk og husdyrhald. Slik er det framleis, men gjennom desse 150 åra har arrangementet utvikla seg til ein møtestad med rom for alt frå kniv- og klokkehandel, til lokalmat og omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner. Har du lyst å vere til stades på Dyrsku´n? I 2015 var det heile 700 utstillarar som fekk plass på Dyrsku´n, i 2016 ynskjer vi både nye og gamle velkomen.

Du kan legge inn ein elektronisk søknad på kundesenteret vårt her.


Dyrskun 1956

Det blir kjøttfeutstilling, kalvemønstring, kumønstring og eksteriørtevling fredag 9. september. Husdyrutstillinga og Telemarkskua er sjølve ryggraden i Dyrsku´n, og med det fylgjer husdyr, dømming og mønstring gjennom heile helga. Vi har derfor gleda av å spesielt invitere og oppmode eigarar av gamle storferasar å stille på Dyrsku'n. 

Påmelding til husdyrutstillinga finn du her.

Påmelding til kjøttfeutstillinga finn du her. 

Hesteutstillinga på Dyrsku´n har utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterer hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku, og spesielt ynskjer me velkommen til dei gamle norske rasane.

Påmelding til hesteutstillinga finn du her.

Den årlege husflidstevlinga på Dyrsku´n speglar dei rike husflids- og handverkstradisjonane, nyskapning og mangfald. Tevlinga skal og bidra til ei auka rekruttering til husflid og handverksfaga og ivareta nyskaping, breidda og mangfaldet i næringa. Dei beste produkta frå tevlinga vert stilt ut i Hall B under Dyrsku´n saman med årets særutstilling.

Påmelding til husflidstevlinga finn du her.


Velkommen som utstillar til Dyrsku'n 2016!