Bli kjent med årets brurepar

Brit Kristin og Vidar_2

5. februar 2016

Brit Kristin og Vidar frå garden Nærheim i Suldal var eitt av mange par som sendte inn søknad om vigsel og smiing til jubileumsfeiringa på Dyrsku’n 2016. Med mange gode søknadar å velje mellom, var det spesielt éin som skilte seg ut.

Brit Kristin er odelsjenta som ikkje ville bli bonde, som heller vaska hus og laga mat enn å vere med i fjøset. Med valets kval mellom å bli politi, psykolog, kriminolog eller sjukepleiar, flytta ho ut som 15-åring, klar for alt kva livet måtte by på anna enn gardsarbeid. 

Vidar, opphaveleg frå Salangen i Troms, sitt næraste kjennskap til gardsliv var ein traktor til å brøyte snø for slekt og naboar, og kvar haustferie hjelpte han besteforeldra med å plukke potetar. Helst ville han vere utandørs, og ofte var det slang av agurk og tomat i besteforeldras drivhus som sto på planen.

Amors pilar 

Oppvaksen med ei avstand på over 1700 kilometer, var oddsen liten for at nettopp dei to skulle finne saman. Amor hadde ein annan plan. I 2002 studerte Brit Kristin i Tromsø, og ein kveld ho var ute på byen med ei felles venninne av ho og Vidar, trefte ho den store kjærleiken i sitt liv. Kjemien stemte på fyrste forsøk, og etter ein liten periode i hovudstaden, flytte dei tilbake til Tromsø for å utdanne seg til radiograf og lærar. Vel ferdige med utdanninga flytte dei til Stavanger og etablera seg med jobbar og hus. Etter kvart kom to born, Olina og Johannes. Men Stavanger vart med tida både trongt og tungt å puste i. Og var det ikkje mykje biltrafikk når borna skulle ut og leike? 

Bygdelivet kallar

Fleire og fleire helgar vart bruka på å reise heim til Suldal, med besteforeldre, dyr, frisk luft og høgt under himmelen, som freista meir enn kva bylivet kunne svare med. Ein tanke om å kanskje likevel overta familiegarden som 7. generasjon, byrjar å spire i dei to. Garden har fleire bein å stå på, og dei skjønnar at det går an å leve av kva den produserer. Det var jo tross alt ikkje så verst å vekse opp på ein gard?   1. januar 2014 overtek dei dyr og lausøre på garden, og reiser heim kvar helg for å lære om gardsdrifta av mentor og far Ola. Men lærekurva får ein bratt stigning når Ola brått går bort, og dei må flytte heim til garden i hui og hast. Plutseleg står dei aleine med ansvar for 60 sau og mykje dyrka mark. 

Brit Kristin og Vidar_1

Ny kvardag

Omveltingane førte til endring i alle lagde planar. Brit Kristin begynnar på Vinterlandbruksskulen, og gode naboar bidreg med råd og rettleiing til dei nyslåtte bøndene. Sakte, men sikkert fell livet på plass att, og med ny kunnskap og tryggleik ser dei no berre moglegheiter for seg og garden. Borna er med på det meste av det som går føre seg, og får ei naturleg tilnærming av livet på godt og vondt. Fridomen og nærleiken til naturen blir sett stor pris på, og fjellskoa blir flittig bruka i den vakre fjellheimen som krinsar bygda. 

I ein travel kvardag med deltidsstillingar ved sidan av gardsdrifta, har det ikkje vore rom for å tenke på giftemål, men rekneskapsføraren seier jamleg til paret at «no må dokke få papira i orden og bli gifte». Brit Kristin har heller aldri drøymt om å stå kvit brur, men etter å ha lest at Dyrsku’n søker etter brurepar i Bondebladet, slenger ho ut eit spørsmål over kjøkkenbordet til Vidar; om dei ikkje skal gifte seg på Dyrsku’n til hausten? Og Vidar svarar si tilkommande brur at «det er berre å sende inn ein søknad». Så er det frieriet unnagjort. 

Gleda var stor når Dyrsku’n ringte og fortalte kven dei hadde valt seg ut som brurepar, og det er med skrekkblanda fryd det begynnar å gå opp for paret kva dei har gjeven seg ut på. Dei skal delta på Dyrsku’n for fyrste gong, og kva anna er vel høveleg enn å debutere som brurepar til 150-års jubileet? 

Dyrsku’n gler seg stort til å få vere med på deira store og lykkelege dag, saman med mange Dyrsku-gjester. Vi møtast på Sterke Nils-tunet laurdag 10. september! 


Du kan følgje Brit Kristin og Vidar vidare i tida fram mot Dyrsku’n her på heimesida vår.