Deltakarar til NM i graut

tirsdag 6. september 2016

På Dyrsku’n i Seljord møtast 15 deltakarar til dyst over grytene der dei konkurrerer om å bli den første Noregsmeisteren i graut – Årets Grautgrams!

Interessa for graut er sterkt aukande internasjonalt og NM i Graut er både ein hyllest til graut som kulturarv og eit bidrag til å styrke grautens posisjon, og samtidig fornye grauten. 

Årets deltakarar er spreidd frå heile landet

Deltakarane i NM i Graut har mykje å lære oss, seier prosjektleiar Anne Røde som ikkje vil røpe dei spennande oppskriftene.

Det knyt seg stor spenning kring at vinnaren i VM i Havregraut i Skottland, norske Thorbjørn Kristensen frå Stjørdal, kjem og skal forsvare æra si som internasjonal grautmeister. 

Verdsmeisteren har som ambisjon å koke dei andre av banen, men han vil møte sterk konkurranse frå erfarne gardskjerringar, kokkar og ein forfattar av ei ny grautbok. Unge og eldre grautkokarar, ein ystar og designar, forskar og sjølvaste leiaren i Norges Bygdekvinnelag har småkoka og førebudd seg til å koke graut i lengre tid. Så kanskje må verdsmeistaren bøyge seg for staute kvinnfolk frå heile landet, eller kanskje det er den unge mannen med etternamnet Grøt, som faktisk er nøydt til å vinne.

Graut er sunt, billig og velsmakande!

De kallar seg matentusiastar, "foodies" og elskarar av tradisjonsmat, den spennande gruppa grautkokarar som no er klare til å koke. På Dyrsku'n i Seljord svingar grautsleiva over grytene og det konkurrerast i tradisjonar, fest og nyskaping. Deltakarane må syne at dei kan koke enkel kvardagsgraut på våre nasjonale superkorn bygg og havre, grauten skal syne den gode smaken i det enkle og trauste. Deltakarane kan og sleppe seg laus og koke fantasifull- eller tradisjonell festgraut med "noko oppå".

Konferansier Linda Roalstad, drangedølen med sin flotte telemarksdialekt, kjent som fagdommar frå "Hele Norge Baker", vil bidra til å halde kampmoralen høg gjennom konkurransedagen. Linda vil passe på at ingen går rundt grauten, men koker og leverer som planlagt. Dommargruppa som består av Bodil Nordjore, Anne Karine Statle og Gunnar Bakke, har stor matfagleg kompetanse. Dei skal ikkje kappete som troll, men fordjupe seg i smak, konsistens og innovasjon før dei endeleg kårar Årets Grautgrams 2016.

Et graut så blir du stor og staut!

Årets deltakarar er: 

Alfred Kristiansen, Tiller

Anja Kastnes, Hattefjell

Anne Mari Amlien, Bøverb

Arnhild Bakken, Flatdal 

Aslaug Groven Årnes, Gvarv

Bjørg Nordbø, Åmotsdal 

Doggerbanken ved Ann Kristin Møsth Wang, Oslo 

Duga ved Katrine K. Gammelsrød, Rygge

Ellen Krageberg, Biri

Faste Gunnarsen Grøt, Haltdalen 

Laila Røsholt Rød, Andebu

Nofima ved Mads Erling, Ås 

Susan Fraser, Asker 

Tamara Kuklina, Stavanger

Thorbjørn Kristensen, Stjørdal 

Kari Moen, Kviteseid