Dyrsku'n på Eurotier i Hannover

mandag 14. november 2016

Dyrsku'n og eit utval norske bedrifter er til stades i samtaler med statssekretæren og hans delegasjon om norsk landbruk og matproduksjon på verdas største landbruksmesse, EuroTier i Hannover.

Som landets største mat- og landbruksmesse er formidling av norsk mat og landbruk sentralt for Dyrsku'n, og det å møte leiande nasjonale og internasjonale selskap innan bransjen gjev oss innsikt som er berikande for utviklinga av Dyrsku'n som kunnskaps- og innovasjonsarena. Dyrsku'n er ein unik møteplass mellom forbrukar og bransje, og gjev eineståande moglegheiter til å formidle kunnskap og setje viktige spørsmål innan næringa på agendaen.

«Dyrsku'n vart starta som eit ledd i ein nasjonal strategi om økt matforsyning til ei sterkt aukande befolkning i 1866, og kunnskapen rundt dette er ikkje mindre viktig den dag i dag. Dyrsku'n skal bidra til å skape økt forståing for viktigheten av norsk mat og landbruksproduksjon, og ikkje minst alle moglegheitane i bransjen», sa dagleg leiar Geir Helge Espedalen i sitt innlegg til delegasjonen under arbeidslunsjen dagen før den enorme messa startar i Hannover.

Les meir om Eurotier 2016 her.


På bildet frå venstre: dagleg leiar Geir Helge Espedalen i Dyrsku'n og statssekretær Terje Halleland i Landbruks- og matdepartementet