Dyrsku'n på turne

onsdag 4. mai 2016

Våre to damer på husflid, Eva K. Flatin og Marit Mæland frå Dyrsku’n, har vore på tur til Kunsthøgskolen i Oslo og Hjerleid skole og håndverkssenter på Dovre.


Målet med turen var å promotere Dyrsku'n og husflidstevlinga. Husflidsansvarleg Marit og fagkonsulent for husflid og handverk Eva, uttalar at "Det er hyggeleg å oppleve at så mange har hørt om tevlinga på Dyrsku'n, og dei to dagane møtte vi berre positive folk. Det er veldig inspirerande og interessant å sjå at handverket er levande både på Kunsthøgskolen og på Hjerleid. Det gjev oss god tru på at husflidstevlinga på Dyrsku'n har ei god framtid". 


Hjerleid med inspirera elever og dyktige lærarar


Kunsthøgskolen med orden i rekkene