Dyrsku'n utvidar

Oversikt Dyrsku'n 2014

8. april 2016

Frå jubileumsåret 2016 vil Dyrsku’n ha ei meir mangfaldig og større messe enn nokon gong. Ei utviding av messeområdet skal gje større plass til både eksisterande utstillarar innan landbruk og gje plass til nye bransjar og tilbyderar. Eit svært godt samarbeid med grunneigarane opnar nye moglegheiter for Noregs største handels- og landbruksmesse.


«Vi er svært takksame for det gode samarbeidet vi har med grunneigerane til og rundt Dyrskuplassen, dette er avgjerande for ei god utvikling vidare av Dyrsku’n og det vi ynskjer å vere i framtida», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen. «I tillegg er vi avhengig av gode relasjonar til våre samarbeidspartnarar på både lokalt, regionalt og nasjonalt plan for å oppretthalde kvaliteten på messa og ha moglegheit til å vidareutvikle oss.».

Stor pågang frå utstillarane

Vi har hatt svært god søkning på utstillarplassar dei siste åra, og har ikkje fått plass til alle som har søkt. I tillegg ynskjer fleire av utstillarane våre større standplass, eit ynskje som har vore utfordrande å tilfredsstille med det arealet vi har hatt til no. Det er difor svært gledeleg for både oss, utstillarane og det store Dyrsku-publikummet at vi no får utvida messeområdet med om lag 20 nye mål. Dette betyr at vi kan gje dei mange tilreisande eit endå betre tilbod, med ytterlegare mangfald, samt imøtekome ynskje frå mange utstillarar om meir plass til å vise fram innovativ teknologi og spennande produkt, på dei totalt 170 måla. 

Kva skal det nye arealet nyttas til? 

Det jobbast i desse dagar med ein plan for det nye området. Messeområdet er i dag inndelt i ulike felt tilhøyrande ulike segment. Dels vil det vere naturleg å sjå for seg ei utviding av det eksisterande landbruksområdet, altså det feltet som har hovudvekt på maskiner og utstyr tilknytt landbrukssektoren. Mange her ynskjer meir plass og det nye området grensar òg til eksisterande felt innan dette segmentet. Det har vore ei utvikling at fleire nye bransjar, m.a. bil og utstyr, som ynskjer meir plass  på messeområdet. Det er viktig for Dyrsku’n å ha eit mangfaldig og rikt tilbod til dei nærare 90 000 som besøker oss, dette ynskjer vi sjølvsagt også å legge til rette for. Vi vil legge opp til eit matutsal på det nye området, samt noko meir parkering som det er eit svært stort behov for.  Det vil bli to nye inngangsportar til det nye området.  Det har òg vore ein del utstillarar på dette området fram til i dag, og vi vil sjølvsagt prøve å legge til rette for at dei fleste kan halde fram i åra framover, og har allereie oppretta kontakt med mange av desse.
Fram til no har det vore utstillarcamping på dette området. Dette skal naturlegvis  halde fram, men vil flyttast nærare Seljord sentrum.   

Festår for Dyrsku'n  
Messa som starta som ei utstilling for Telemarksfe i 1866, fyller i 2016 heile 150 år. 
Det vert blant anna markert med ei storslått festframsyning fredag kveld, nyheiter både innan landbruk og mat, eit kulturprogram på høgt nasjonalt nivå, konkurransar, debattar og attraktive programpostar for både store og små. I tillegg vil ein få høve til å setje seg inn i den spennande Dyrskuhistoria då Vest-Telemark Museum vil ha utstillingar på plassen som fortel om utviklinga gjennom 150 år. 
Med nytt område, ytterlegare mangfald blant utstillarane, varierte og innovative programpostar både på fag og kultur, burde alt ligge til rette for tidenes Dyrsku!  

Dyrsku’n vert arrangert 9. – 11. september 2016


Takk til våre samarbeidspartnarar:

FjordlineFylkesmannen i TelemarkLandbruks- og matdepartementetMagasinetNorges HusflidslagNorsk LandbrukssamvirkeNorsk MartnasforumO.B. WiikPon-CatSeljord KommuneSeljord Rekneskapsservice ASSeljord VarmeserviceSparebanken DinSporten SeljordTelemark BilruterTelemark FylkeskommuneTelemark LandbruksselskapTicketCoTun Media og Varden