Dyrsku'n og Fylkesmannen saman om bakekonkurranse

Bakekonkuuranse_1 2016

torsdag 11. februar 2016

I samband med Dyrsku'n sitt 150 års-jubileum har Dyrsku'n og Fylkesmannen i Telemark gått saman om ein bakekonkurranse for Sør-Noreg, der vinnarkaka skal leve vidare som eit Dyrskuprodukt og seljast på arrangement, i kantiner og kioskar. Lokalmatprodusentar får derfor ein sjeldant god moglegheit til å framheve både eigen produksjon og lokale råvarer.


«Vi ser fram til å servere vinnarkaka på jubileumsfesten til Dyrsku'n 9.-11. september», seier prosjektleiar Margit Nordstoga Aasan i Dyrsku'n Arrangement. «Vi har stor tru på at vi gjennom konkurransen både vil få fram eit strålande produkt og samtidig setje fokus på lokalprodusentar i Sør-Noreg og Dyrsku'n sitt 150 års-jubileum».

«Dette prosjektet skal bidra til å vidareformidle råvarer frå regionen og framheve og synleggjere produsentar. Dette er noko Fylkesmannen er svært opptatt av og ynskjer å skape blest om», seier matkontakt hos Fylkesmannen, Bob Gottschal. «At vi gjennom sjølve konkurransen kan skape merksemd om dei lokale produsentane, samt få eit produkt vi med stolthet kan servere både tilreisande, turistar og innbyggerar i regionen, er vi svært godt tilfreds med.  At kaka skal presenterast for publikum på sjølvaste 150 års-jubileet til Dyrsku'n gjev ei ytterlegare fin ramme til prosjektet. Dette er vinn-vinn for alle», avsluttar ein entusiastisk Gottschal, som gler seg storvegs til tevlinga skal starte. 

Påmeldingsfrist for produkt til bakekonkurransen er 7. mars, og dømminga skal foregå 20. april. 


Bakekonkurranse 2016

Delar av juryen representera med f.v. Bob Gottschal, Anette Lindskog Øverbø, prosjektleiar på Dyrsku'n Margit Nordstoga Aasan og juryleiar Lene Lindquist Haugen

I juryen sit: 
Kristine Ilstad, gründer og drivar av bakebloggen «Det søte liv»  
Aase Jacobsen, redaktør i matbladet Aperitif
Bob Gottschal, Lokalmatkontakt hos Fylkesmannen i Telemark
Helle Jeanette Førland, frå kantina på Nome Vidaregåande skule, avd. Søve
Anette Lindskog Øverbø, kjøkkensjef på Dyrsku'n Arrangement AS

Leiar for juryen er konditor Lene Lindquist Haugen frå Bakeribua i Bamble

Meld deg på til bakekonkurransen her!  

Last ned konkurransereglene her.


For spørsmål, ta kontakt med: 

Dyrsku'n Arrangement AS, Margit Nordstoga Aasan tlf. 482 37 709 eller e-post margit@dyrskun.no