Dyrsku`n søkjer brudepar

Brudepar 2015

26. november 2015

No har du moglegheit til ei verkeleg unik oppleving! Har du eller nokon du kjenner planer om å gifte seg til neste år? 

Også under jubileumsarrangementet i 2016 skal det tradisjonen tru smiast eit par i Hymens lenker på Dyrsku’n. Det tradisjonsrike og stemningsfulle bryllaupet er for mange besøkande høgdepunktet på laurdagen og har gjeve alle dei nygifte eit eineståande minne for livet. «Dette er ei spennande og unik oppleving, og du er garantera fleire tusen gjester i bryllaupet ditt», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

 For jubileumsåret er det mogleg å fyrst ha kyrkjeleg vigsel på Sterke Nils-tunet, for deretter å avslutte seremonien med smiing i Hymens lenker. Dyrskusmed Øyvind Klausen frå Fyresdal og kjøgemeister Olav Sem frå Heddal styrer det heile med smedfingrar og stø stemme, og «brudeferda» går gjennom folkehavet i ei staseleg hestevogn, akkompagnert av Bruremarsj frå Seljord, spela av dyktige musikarar frå nettopp Seljord Folkemusikklag. 


Etter seremonien inviterer vi til eit privat og usjenert bordsete på Sterke Nils-låven, med tradisjonell servering til brurepar og dykkar gjestar. Me håpar du grip sjansen til å dele denne spesielle dagen din med oss på Dyrsku’n. Ta kontakt med Dyrsku`n Arrangementet for meir informasjon.