Dyrsku`n til Grüne Woche

Anette til Grune Woche

fredag 23. oktober 2015

Kjøkkensjefen på Dyrsku’n, Anette Lindskog Øverbø, er ein av dei få utvalde frå fylket som skal vere med til Berlin på Internationale Grüne Woche 15. – 24. januar for å representere Noreg og Osloregionen.

For fyrste gong i messas 81-årige historie, skal Dyrsku’n vere representera som ein av om lag 1500 utstillarar frå 60 land etter førespurnad frå Innovasjon Noreg og Fylkesmannen i Telemark. Grüne Woche er verdas største messe med 400-500 000 besøkande på ei veke. Det er ein sentral møteplass for alle som jobbar innan mat, opplevingar og reiseliv, og eit eldorado med mykje mat og drikke frå alle land. 

Gler seg  

«Eg gler meg veldig til å reise ned dit for å syne fram all den gode lokalproduserte maten me har, og samstundes representere Noreg og Telemark. Produsentar frå Oslo og Akershus, Østfold, Vestfold, Buskerud, Telemark, Hedmark og Oppland skal saman marknadsføre seg som Oslo-regionen. Representantar frå dette området har blitt handplukka til å stille med produkt som me kokkane skal lage rettar av og servere der nede. Me reknar med å servere minimum 1200 smaksprøver dagleg til gjester frå heile verden. I 2016 feirar me 150 år, så då passar det godt å reise til IGW for å fortelja og få synt fram ein del av Dyrskuǹ , som med sine 90 000 besøkande og 700 utstillar er  Noregs største handels- og landbruksmesse» 

Eventyret i Seljord 

Eventyret i Seljord starta i 1866 med statsagronom Johan B. Lindeqvist og fesjået for verdas vakraste ku,  Telemarkskua.  Telemarkskua er framleis sentral for marknaden som kvart år går over tri dagar i september, med ei omsetnad på kring ein halv milliard kroner. Kvart år samlast lokalmat-produsentar frå fjern og nær for å tilby spennande og smakfulle produkt som ein viktig del av messa. Landbruk og mat gjeng hand i hand på Dyrsku’n, her kan du som forbrukar sjå heile næringskjeda frå levande dyr til ferdig produkt. Dyrsku’n leverar kvalitetsmat med handplukka råvarer og lokale smakar året rundt til store, så vel som små, arrangement og selskap. «Og det er nettopp dette me skal presentere i Berlin i januar». avsluttar ein engasjert kjøkensjef. Andre representantar frå Telemark er Lega Ost frå Øyfjell og Brødrene Brubakken frå Kragerø.