EikSenteret feira med champagne etter kjempekontrakt

24. januar 2016

Eiksenteret har vore utstillar på Dyrsku’n i ei årrekke, og ser på Dyrsku'n som ein svært viktig handelsplass for sine produkt. Laurdagen under Dyrsku´n i fjor, fekk dei inn ein stor kontrakt på ei treske, og bruka kvelden på å feire med champagne.


Artikkelen er eit tilbakeblikk frå Dyrsku´n 2015 

Det er dei lokale butikkane som samarbeider om standplassen, og riggar opp traktorar, hengarar, treskerar og andre landbruksmaskiner til utstillinga. «Det er svært mange som handlar her på Dyrsku’n, så for oss er dette ein viktig arena», seier Gard Molvig, som representerer Eik Maskin på nasjonalt nivå. Laurdag hadde dei ein veldig god dag med tanke på omsetnad, men det skyldtes ikkje fyrst og fremst sal av maskiner. «Det er få kornbønder her i år, og det taper vi ein del på. Vestlandet er godt representert i antal bønder, men i resten av landet er mange heime og tresker no.» Grunnen til dette er, i fylgje Molvig at det er kornår i år. Sesongen har kome seint på grunn av mykje dårlig vêr, noko som fører til at mange framleis held på med tresking under årets Dyrsku.

Eiksenteret har halde omsetnaden ope gjennom sal av reiskap, 4-5 traktorer, samt ein stor kontrakt på ei treske. «Me er så vidt eg veit den einaste utstillaren som har med oss ei treske hit til Dyrsku’n», forklarer Molvig. Den dei selde i går var riktig nok ikkje den dei har utstilt. «Vi selde ein av typen som er dobbelt så dyr som den me har med oss hit. Da vart det god stemning på standplassen, og ikkje minst seinare på kvelden! Det vart champagne til alle da vi kom tilbake til garden me bur på», seier Molvig med eit smil. For Molvig var årets Dyrsku hans fyrste, men definitivt ikkje den siste. Han er glad for at Eiksenteret er til stades her, på det som minner om ein god, gamaldags martna. «No gler eg meg til å gå ein runde og kjøpe litt forskjellig mat, det verkar jo som om man kan få kjøpt alt mogleg her!», avsluttar Molvig, før han må tilbake for å fortsette salet frå standplassen.

Vi er glade for å ha Eiksenteret med på laget, og ynskjer dei velkommen tilbake i 2016!

Les meir om Dyrsku´n 2015 her!