Ein månad att til NM i graut

mandag 8. august 2016

10. september går historias fyrste Noregsmeisterskap i graut av stabelen i samband med 150-årsjubileet til Dyrsku'n i Seljord. No er årets konferansier og dommarar bekrefta, og det er framleis mogleg å melde seg på som deltakar. 

Linda Roalstad som konferansier

Fagdommaren frå ”Hele Norge Baker” Linda Roalstad, er bekrefta som konferansier til NM i graut. Linda, som til dagleg er sjefskonditor på Continental i Oslo, er opptatt av mat på mange plan. Til NM I graut har ho høge forventingar: ” Graut for meg er et herleg oppkok av gamle og nye tradisjonar med stor historisk betyding for norsk mattradisjon, pluss ei klype salt. Eg gler meg til å oppleve årets deltakarar».

For Linda er graut best på regnfulle dagar, med ein god film og et tjukt pledd. Favorittgraut: Havregraut på mjølk med kanel og eplekompott. Og i ny og ne den tradisjonelle risgrauten med sukker, kanel og Kviteseidsmør – servera med eit glas iskald saft.

”Vi er glad for å få med oss Linda på laget”, fortel Anne Røde, prosjektleiar i NM i graut. "Ho er både morosam og kunnskapsrik. At ho kjem frå Telemark, der vi arrangerer meisterskapet, er berre prikken over i´en", avsluttar Røde.

Variert dommarpanel

NM i graut har eit langsiktig perspektiv og prosjektgruppa er difor naturleg opptatt av kvalitet i alle ledd. Når vi no har fått bekrefta årets dommarar kan vi vere trygge på at meisterskapet blir ivareteken på ein god måte. Årets dommarar er:

  • Bodil Nordjore, Turbo-budeia, kokebokforfattar, kurshaldar og kulturvernar frå Telemark.
  • Anne Karine Statle frå Lofoten, dagleg leiar i Lofoten Mat. Anne Karine blei i 2016 nominera til Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris.
  • Gunnar Bakke, bakemeister og direktør for Baker- og konditorbransjens landsforening.

Anne Karine Statle gler seg til å dømme årets deltakarar: ”Eg hugsar smaken av havregrauten bestemor laga til meg då eg var lita. Den smaken har eg ikkje klart å finne att. Kanskje NM i graut blir anledninga? Eg har store forventingar til kva vi får oppleve i Seljord,”  forklarar ein entusiastisk Statle.

Påmelding

Det er framleis mogleg å melde seg på NM i graut og alle med bustadadresse i Noreg kan delta. Påmeldingsfristen er 10. august. Det kan vere mogleg å kome med etter fristen dersom det er ledige plassar.

Vinnaren er den deltakaren som kokar den beste kvardagsgrauten kokt på bygg og/eller havre, med vatn eller mjølk, den beste rjomegrauten, eller den beste innovative grauten.