Eit moderne folkeeventyr

Dyrsku'n i Seljord sidan 1866

mandag 11. januar 2016

Ei unik oppleving ventar deg på 150-årsjubileet til Dyrsku'n 9.-11. september 2016!

Dyrsku'n har vore mykje for mange gjennom 150 år. Møteplass, handelsplass, fesjå, fagleg arena og kulturformidlar. Kva er det som gjer at folk i tusenvis har valfarta til denne plassen i 150 år? 

Dyrsku'n har vore arrangera kvart einaste år sidan 1866, og kan difor feire ei ubroten rekke av arrangement i heile 150 år! Årleg strøymer folk i hopetal til det store arrangementet som stadig set nye rekordar både i handel og besøk. Ein god balanse mellom tradisjon og innovasjon er viktig, forklarar dagleg leiar Geir Helge Espedalen: «For Dyrsku'n er det grunnleggande å ha ein filosofi om konstant å utvikle seg, samt å vera viljug til å tenke nye tankar. Ein må la nye idear få spelerom, utvikle seg i takt med tida me lever i, og aller helst prøve å forstå så mykje som mogleg av framtida. Samstundes er det viktig å ha med seg historia og aldri gløyme kor ein kjem i frå, då beheld ein sjela i det ein driv med. Det føler eg ein har lukkas temmeleg bra med på Dyrsku'n», seier den daglege leiaren, som er både spent og audmjuk framfor den store markeringa.

«Her e det plass for elle, og noko spennande for elle», forklarar Knut Buen, som samanliknar det årlege fesjået, som med åra har utvikla seg til endå mykje meir, med ein myldrande verdsby. «Det e to plassar ein kan vørå seg sjølv, det e på Dyrsku'n og det e i Bejing.»

Kva er hemmeligheten?  «Kanskje det rett og slett skyldes at Dyrsku'n er ekte», sa Stein Ørnhøi i 1994. «Dyrsku'n er eit under og dit drar alle».

Slik er det framleis den dag i dag. Om du vil handle, smake, lukte, sjå, oppleve spel eller tivoli, her er det noko for alle, og du er hjarteleg velkommen!
Kom å prøv sjølv da vel når Dyrsku'n fyller 150 år i 2016. Vi lovar deg ei unik oppleving! 

Dyrsku'n sitt 150-årsjubileum går av stabelen 9.-11. september.