Forventingar og dramatikk

torsdag 7. april 2016

Det var med brask og bram vi hadde planer om å lansere Dyrskukalven, 150-årsfeiringa sin eigen maskot, den 4. april. Kalv av Telemarksfe sjølvsagt, ikkje utan grunn kan den med kjennskap til oppstartinga av den store messa nikke samtykkande til. Mor Fermelin på Nordigard Bjørge i Seljord, som sjølv vart fødd på Farmen og Storøy Gard i 2011, var drektig med kalven som skulle få lov å bli sjølve symbolet på den historiske messa som arrangerast 9. – 11. september 2016. Men historia ville det annleis, og vart både dramatisk og uventa.

Klokka 20.00 fredag 1. april ringer gardbrukar Leiv Bjørge marknadssjefen i Dyrsku’n, som skulle dekke den store hendinga. «Du må koma no! Kalven kjem!»  Underteikna svelgde den siste taco-biten i hui og hast – og mobiliserer heile familien. «Det er fødsel på gang – me må av stad!»  Vel framme på Nordigard Bjørge forsto vi fort at dette ikkje var snakk om ein aprilspøk. Fermelin var heilt openbart klar for å nedkome med kalven, uvitande om at det er ein kjendis ho har i magen.. Men som i gardslivet elles, kan det skje til dels dramatiske og uventa hendingar. Kalven låg feil veg og veterinær måtte tilkallast. Etter nokre minuttar var veterinær på plass og nødvendige undersøkingar vart sett i gang. Det var blikkstille i fjoset – det var som om både kyr og folk heldt pusten…  Levde kalven? Etter det som verkte som ein liten evighet kunne veterinæren fastslå «Kalven bevegar seg, her er det liv!» 

No vart det fart i sakene, og bøtter, tau og tenger vert raskt plassera ved Fermelins bås. Veterinæren jobba iherdig med kalven som ikkje ville la seg snu.  Men den driftige dyrlegen hadde ikkje tenkt å gje seg. Her er det liv – det gjev verkeleg motivasjon til å ofre både blod, sveitte og tårer. Etter ein times tid skulle det harde arbeidet vise seg å bere frukter. «No kjem den!» Og vips – så kom veslekalven ut. Og den var vital og fin! 

Det er ei jente! Første bildet av den nyfødde kalven

Ei fantastisk oppleving for underteikna, som aldeles ikkje kan skryte på seg å vere ein av dei flotte gardbrukerane, som kvar dag sørger for at me har norsk mat på bordet. For ein innsats av både bønder, veterinær og kyr! Historia ender altså godt – og fekk ein ekstra dimensjon med dramatikken som oppsto. Kanskje eit godt bilde på livet på ein gard? Krevjande, og til tider prega av uventa hendingar, men likevel fantastisk og gjevande. 

Men historia til Dyrsku-kalven har berre nett byrja. Fram mot Dyrsku’n vil vi følge kalven og ta den med oss litt rundt i landet, før den til slutt skal møte det store Dyrsku-publikummet. Fyrste tur ut blir på Barnas Dag i Porsgrunn 28. mai, der både store og små kan få helse på kalven, og delta i konkurransen. Følg oss for jamlege oppdateringar!

Helsing Yvonne Eilefstjønn, marknadssjef på Dyrsku'n, med fornya respekt for bønder, veterinærar og kyr.


Namne-konkurranse 

Kalven ynskjer seg no eit namn, og vi treng di hjelp!

Vinnaren av forslaget vi veljer oss ut, vil bli heidra under årets Dyrsku, sjølvsagt saman med kalven. Det vil og vere anledning for alle å ta ein "kalfie" med maskoten vår! 

Har du eit forslag, så send inn til oss på post@dyrskun.no eller på vår facebook-side.


Sjå Dyrsku-kalven bli født: