Fullt fjos under EAT på Dyrsku'n

9. september 2016

Fleire tusen var samla i solskinnet i Fjoset då Gunhild Stordalen samla politikarar og næringslivsleiarar, samt Odd Nordstoga og Oddbjørn Hjelmeset til EAT-konferanse på Hovudscena i dag.

Innimellom eit og anna møøø frå kyrne, vart det formidla sterke ord om norsk landbruk og bærekraftig mat. 

Gunhild Stordalen la press på politikarar og næringsliv, og kravde at ein ny matpolitikk må på bordet slik at folkehelse og klima skal ha betre sjanse i framtida. Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale, leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Arbeiderpartiet Jonas Gahr Støre, leiar i Nortura Arne Kristian Kolberg og kommunikasjonsdirektør i Rema 1000 Mette Fossum Beyer stilte til debatt. 

Og debatt vart det, men alle var einige om ein ting: Det er på tide å lytte til bøndene og legge til rette for meir bærekraftig matproduksjon. 

Oddbjørn Hjelmeset avslutta dagens appell med glimt i auget og eit godt råd om å ete sunt, bevege seg, og sove mykje – Eat, move, sleep. Odd Nordstoga spilte "Kveldssong for deg og meg" med refrenget «Grisen står og hyler» på etterspørsel frå Stordalen-paret, og publikum stemte raskt i med klapp og song. 

Kort fortalt ein flott, og ikkje minst viktig, oppleving på Dyrsku'n sin fyrste dag.