Grüne Woche 2016 er i gang

16. januar 2016

Verdas største mat- og landbruksmesse Grüne Woche gjekk i går av stabelen i Berlin. Messa er ein svært viktig marknadsføringsarena og ein sentral møteplass for alle som arbeider i skjeringspunktet mellom mat, opplevingar og reiseliv.

Dei tek i løpet av ti dagar imot heile 415 000 besøkande frå heile verda. Til trass for at dei tala stiller vår publikumsrekord på 88 000 besøkande frå 2014 litt i skuggen, ser vi med inspirasjon mot Berlin i desse dagar. 

Dei siste 29. åra har vi frå Noreg stilt med ein større delegasjon i regi av Landbruks– og Matdepartementet. Her er vi på Dyrsku´n representera med kjøkkensjef Anette, som ein av totalt 70 utstillarar frå Noreg.

5 imponerande fakta om Grüne Woche*: 

  • 415 000 besøkande forventas til messa i løpet av dei neste 10 dagane 
  • 1650 utstillarar frå 70 land er til stades 
  • Det forventas opp mot 5 000 journalister til messa 
  • Det omsettas for 48(!) millionar Euro 
  • Det har blitt ein viktig nettverksarena der det i år møtas 70 landbruksministrar frå alle verdas kontinent
* Informasjon er henta frå www.regjeringen.no