Gunhild Stordalen til Dyrsku'n

Gunhild Stordalen EAT

12. april 2016

Gunhild Stordalen og EAT skal ha historias fyrste matfaglege seminar på Dyrsku´n sitt 150-årsjubileum i 2016.

Korleis skal norske bønder føre ein berekraftig matproduksjon i åra framover og styrke mat- og landbrukssatsinga? Det er tema for seminaret som EAT arrangerer saman med Dyrsku’n på messa  fredag 9. september.

«Jeg har selv vokst opp på et lite småbruk, så Dyrsku’n har jeg hørt mye om. Jeg gleder meg til å diskutere hvordan vi skal sikre en bærekraftig matproduksjon både for miljøet, bonden og den norske folkehelsen», seier Gunhild A. Stordalen, grunnlegger og president i EAT Foundation.

Dei siste åra har det vore ei enorm auke i interessa for landbruk og matindustri. Samarbeidet mellom EAT og Dyrsku’n skal folkeleg-gjere, opplyse og engasjere det norske folk om dei viktige spørsmåla vi står ovanfor når det gjeld matproduksjon, klima og helse.

«Det er ei stor ære at EAT med Gunhild Stordalen i spissen, bidreg i utviklinga av ein matfagleg konferanse under opninga av årets Dyrsku. Vi har eit uttalt mål om å bli ein nasjonal samfunnsaktør innanfor mat og landbruk, og dette syner at vi er på rett spor. Dyrsku’n skal vere ein arena der viktige nasjonale og internasjonale spørsmål innan mat og landbruk skal kunne debatterast og diskuterast», seier dagleg leiar i Dyrsku’n, Geir Helge Espedalen.

Vidareutvikling av samarbeid med Norsk Landbrukssamvirke
I 2015 inngjekk Dyrsku’n eit samarbeid med Norsk Landbrukssamvirke, som har vore ein døropnar for den viktige konferansen.

«Dyrsku´n er en viktig arena for å fremme norsk landbruk sine interesser og budskap, både på grunn av sin faglige satsing, og som et resultat av de 90 000 besøkende på messa. Her møtes både bønder, produsenter og folk flest», seier administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Ola Hedstein.

EAT
EAT Foundation er ein global plattform som jobbar med mat, helse, berekraft og klima med å samarbeide direkte med næringsliv, forskarar og politikarar. Det årlege EAT Stockholm Food Forum arrangerast for tredje år på rad i Stockholm, 13. og 14. juni. EAT Forum samlar internasjonale leiarar og ekspertar innan forsking, politikk og næringsliv, som diskuterer vegar til ein sunn og berekraftig matindustri. I 2014 var blant anna Bill Clinton ein av innleiarane.

Dyrsku’n
Dyrsku’n er Noregs største handels- og landbruksmesse som i år arrangerast 9. - 11. september. Sidan 1866 har messa vore eit viktig forum for norsk landbruk, og feirar i år difor 150 år med kunnskapsformidling og synleggjering av berekraftig matproduksjon. Besøksrekorden frå 2014 var på 88 000 besøkande i løpet av messas tre dagar, og det forventast i år over 700 utstillarar til Dyrskuplassen i Seljord. Det omsettast for ca. 500 millionar kroner under messa.

Norsk Landbrukssamvirke
Norsk Landbrukssamvirke er ein interesseorganisasjon for 16 bonde-eigde samvirkebedrifter i landbruket. Medlemmene sysselsett om lag 17 000 personer og har ein samla omsetnad på 75 milliardar kroner. Hovudaktiviteten er knytt til matproduksjon basert på norske råvarer, kjent gjennom merkevarer som TINE, Gilde, Prior, Gartnerhallen og Hoff. Medlemmene har òg ein betydeleg forretningsverksemd innan skogbruk, fôr, avl, rådgiving, bank, forsikring og innkjøp.