Hellbillies avsluttar jubileumsopninga

20. august 2016

Få med deg eit av landets mest populære liveband når Hellbillies rundar av jubileumsårets fyrste dag.

Hellbillies har fått æra av å avslutte den spektakulære opninga av Dyrsku’n sitt 150-årsjubileum. Konserten, som er open for alle Dyrsku-gjester, vil forhåpentlegvis fylle opp Fjoset med både store og små - og gjerne ein solid dose allsong. 

Bandet frå Ål i Hallingdalen har selt utrulege 840 000 album, og gjeve fansen ca. 1 600 konsertar rundt om i Noreg, noko som truleg gjer dei til eit av landets fremste og mest populære live-band. Bandet var i 2014 aktuell med sitt hittil siste album, LEVANDE LIVe,  som er det 14. i rekka sidan oppstartinga i 1990. Hellbillies med vokalist Aslag Haugen i spissen er kjent for låtar som «Den finaste eg Veit», «Ei Krasafaren Steinbu» og «Hallo Telenor». Dei har blitt tildela Målprisen, Alf Prøysens Ærespris og vart kåra til «Årets Spellemann» i 2007. Med andre ord, eit fantastisk band!  

Gled deg til å sjå Hellbillies på scena fredag kl. 21.00, det gjør i alle fall vi!