Gladnyheit om travhest på dyrsku'n! 

Hesteutstilling

27. oktober 2015

For å unngå kollisjon med både den svenske Derby-helga og Dyrsku‘n vert truleg Kriterie og Derby flytta til tredje helga i september i 2016.

– Ja, eg trur det kjem til å bli slik at Klasseløpshelga vert flytt ei veke fram.  Det er med 99,9 prosent sikkerheit. Vi har fått mange protestar frå miljøet etter at Dyrsku'n kolliderte med Klasseløpshelga i år. Det unngår vi med denne flyttinga. Kriterie og Derby vert arrangera 17.-18. september, ei veke etter Dyrsku'n som i 2016 arrangerast  9. – 11. september.

Sportssjefen i DNT seier at Bjerke ikkje var i mot endringa, og at dei har massiv støtte i DNT-organisasjonen. Terminlista for neste år er inne i dei siste rundane med finpuss, og skal opp og vedtakast i neste styremøte i Norsk Rikstoto.

Dagleg leiar i Dyrsku'n er stornøgd med dette. "Hest er ein viktig del av Dyrsku'n og eg er sikker på at dette vil glede både besøkande på Dyrsku'n, og alle som er interessert i travhestar".