Husflid- og handverkstevling 2016

Dufsesko av Dina Harkmark Lie frå Rauland fekk 60 poeng

26. august 2016

Domarane på husflid- og handverkstevlinga på Dyrsku’n 2016 har avslutta jobben for denne gong.


Bilde øvst: Dufsesko av Dina Harkmark Lie frå Rauland 

Det er totalt dømt 197 produkt, innsendt av 108 deltakarar. Av disse har 123 blitt premiert og 44 har nådd opp til 1. premie.

Domarane melder om høg kvalitet på innsende produkt, og mange særs dyktige deltakarar. Tri av dei innsendte produkta har faktisk oppnådd full pott med 60 poeng!

Det vert dela ut både Nyskapingspris, Stimuleringspris og tri Diplomar for godt handverk i år.


Pris- og premieutdeling blir på Sterke Nils tunet laurdag 10. september kl. 17.00.

Du er velkomen til å sjå alle dei flotte produkta i hall B under Dyrsku’n. 

Heile premielista kan du sjå her. 


Alle bilda er av produkt som oppnådde 60 poeng. 

Bendik Nilsen Bergendal frå Gjeving fekk 60 poeng

Høvlane og saga er laga av Bendik Nilsen Bergendal frå Gjeving.

Helga Fahre Bergland frå Lunde fekk 60 poeng

Skjorta er innsendt av Helga Fahre Bergland frå Lunde