lørdag 20. august 2016
Opplev dei gamle og kanskje gløymde tradisjonane frå norsk mat, handverk og landbruk når du besøker eit av Dyrskuplassens vakraste områder. Velkommen til Sterke Nils-Tunet
Gjennom heile helga kan publikum oppleve gardsdrift og handverk på gamalt vis. Her blir der demonstrasjonar og aktivitetar tilpassa dei fleste interesser. Kva med å lære bøting av fiskegarn, halmbinding eller smiing? For dei spreke er det mogleg å lage sin eigen smoothie på vår smoothie-sykkel!
Demonstrasjonar:
- Bøting av fiskegarn
- Halmbinding
- Smiing
- Knivsmiing
- Tjørebrenning
- Havslaging
- Tråsløyd
- Kostar og penslar av gamle hestehalehår
- Gamle motorar og maskiner
- Stikking av takspon
- Natursløyd
- Ysting
- Kinning
- Braubaking
- Røyking av fisk
- Maling av korn
Aktivitetar:
- Smoothiesykkel
- Kinning av smør
- Mjølking av geiter
- Halmbinding
- Tinnstøyping
- Pussing og stell av Fjordhest
- Steiking av lappar
- Lag dine eigne fiskeslukar
Sterke Nils-tunet er ein formidlingsarena for både store og små, og har opent gjennom heile Dyrsku-helga. Du finn området bak Husdyrhallen, og ved sida av tivoliet.