slutt på jolemarknaden på dyrskuplassen

26. november 2015

Dyrsku´n har frå og med 2015 valgt å avvikle den tradisjonsrike Jolemarknaden på Dyrskuplassen. Dette som eit ledd i ein langsiktig strategi om kva Dyrsku´n Arrangement og Dyrskuplassen skal vera i framtida.

«For å nå dei ambisjonane me har for Dyrsku´n både i 2016 og framover har ein derfor sett seg nøydd til å gjere enkelte prioriteringar. Dette har falt på ei avvikling av Jolemarknaden». seier dagleg leiar i Dyrsku´n arrangement Geir Helge Espedalen.  «Me ynskjer å rette endå fleire ressursar mot flaggskipet vårt Dyrsku`n , for å sikre den kvaliteten me meiner messa skal ha for å kunne vere attraktiv i nye 150 år.  Dyrsku`n har i dag eit godt og innhaldsrikt program. Dette skal vi vidareutvikle ytterlegare med eit godt fagleg innhald og ved å skape aktvitetar og programpostar som gjev minnerike opplevingar for både store og små»

I 2016 feirar handels- og landbruksmessa Dyrskun 150 år, noko som skal synleggjerast gjennom heile kalenderåret. Dagleg leiar har store ambisjonar for jubileumsåret. ”Me er godt i gang med planlegginga av jubileet som har som føremål å synleggjere Dyrsku´n si betyding i norsk landbruk og næringsliv. Me skal setje fokus på, og feire historia samtidig som me ynskjer å rette nasen framover mot dei neste 150.”