Kle deg i ku!

mandag 25. juli 2016

Årets særutstillar er lidenskapeleg opptatt av Telemarksfe, ho lærte seg å drikke kaffe på Dyrsku'n og er utdanna husdyrkonsulent frå Ås. Bli betre kjent med Bine Melby!

Foto: Mona Nordøy

Interessa for Telemarksku og urfe kom for 25 år sidan då Bine jobba med å kartlegge og registrere kyr i Norsk landbrukssenter. Som nyleg utdanna sivilagronom fann Bine kjærleik i gamle husdyrraser, og sidan oppveksten har ho vore opptatt av dyrevelferd. «Dyr med navn har det bedre enn de uten navn», fortel ei engasjert Bine. 

At Bine er kreativ er det ingen tvil om. Gjennom heile oppveksten var det å sy og designe ei stor interesse, men det var fyrst for 10 år sidan at ho kombinera sine to interesser. Den fyrste kolleksjonen av Telemarksfe vart faktisk presentera på Dyrsku’n i 2006, i samband med 140-årsjubileet. «Det var i forbindelse med kuparaden at gjennomføringen ble en realitet, og siden har jeg hatt utstilling på Dyrsku’n», fortel Bine. Sjølv har ho vore på Dyrsku’n i mange år. Her har ho leika med dyra, ete lokalmat og sett på utstillarar. «Jeg lærte å drikke kaffe på Dyrsku’n, i slutten av tenårene fikk jeg smake kaffe med en melkeskvett tappet direkte fra kua. Da var jeg solgt!», ler Bine. «Jeg har bare gode minner fra Dyrsku’n, og gleder meg til å vise frem årets kolleksjon. Selv får jeg nok ikke tid til å oppleve så mye av jubileumsåret, men jeg garanterer å ta imot hver eneste besøkende som stikker innom utstillinga», lovar ho engasjert.

Kvar har skinnjakka di beita?

For Bine handlar det mykje om miljø og kvalitet. Ingen kyr skal slaktas unødvendig, og dyra skal ha hatt eit godt liv før dei blir til skinnjakker og smykkar. Designaren er oppriktig opptatt av å bevare rasens eksistens, og ser på sin eigen kolleksjon som eit ledd i å bevare dei fantastiske råvarene enda lenger. Det er ekte kjærleik gjennom heile prosessen. «Jeg bruker å si at jeg vet hvor skinnjakkene mine har beita», fortel Melby. Samstundes er gründeren klar på at satsinga ikkje har vore ein dans på roser. Hun får både positive og negative tilbakemeldingar på designet, og prosessen frå idé til sal er lang. Frå kua slaktas tar det eit heilt år før kleda kan seljast. No, med knappe to månadar att før Dyrsku’n er kolleksjonen midt i prosessen. Besøkande kan glede seg til både vakre kåper, smykkar og kjolar. Alle ulike frå kvarandre. Bine sine produkt er heilt unike og ligg i skjeringspunktet mellom tradisjon, berekraftig ressursutnytting og nyskapande design. Det var dette som fanga interessa for Dyrsku’n både i 2006 og i år. «Vi er særs glade for å ha Bine Melby som særutstillar i jubileumsåret, og gler oss til å vise fram arbeidet hennar for titusenvis av publikum», seier Marit Mæland, kultur- og husflidsansvarleg på Dyrsku'n.

Naturleg utstillar i ein tradisjonsrik utstilling

I samband med husflidsutstillinga som vert arrangert under Dyrsku’n, inviterer vi kvart år ein særutstillar. 

Bakgrunnen for invitasjonen ligg i at denne handverkaren eller kunstnaren har ein spesiell tradisjon, som er viktig å vidareføre eller har særeigne produkt som er viktig å få vist fram hos oss.  Bine Melby med sine innovative og spennande arbeid innanfor klede og smykke sydd av skinn frå Telemarksfe og andre gamle kurasar, er viktig og naturleg å vise fram i eit jubileumsår for Dyrsku’n. Telemarkskua er opphavet til at vi i dag kan feire 150- årsjubileum for arrangementet, og ho er i realiteten «dronninga av Dyrskuplassen». I tillegg feirar rasen Telemarksku 160 år i 2016, så valet kunne ikkje falle på andre enn denne kunsthandverkaren.

I ei tid der fornybare ressursar er ein viktig agenda for samfunnet vårt, viser Melby med sine arbeid bruk og utnytting av materiale som elles ville gått til spille.

Bine Melby finn du i Hall B - Husflidsutstillinga.