Kronprinsparet til Dyrskujubileet

DD.KK.HH.Kronprinsparet Foto: Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff

11. mai 2016

Vi har stor glede av å fortelje at Kronprinsparet vil vere til stades når Dyrsku'n skal feire 150 år i haust.

Foto: Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff


DD.KK.HH. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit har takka ja til invitasjonen om å delta på opninga av Dyrsku-jubileet 9. september.

"I 1956 vitja dåverande H.K.H. Kronprins Olav landbruksmessa i Seljord, og vi ser på det som ei stor ære at Dyrsku'n og Seljord også ved denne jubileumsfeiringa får besøk frå Kongehuset", seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen i ein kommentar.

 

Dyrsku'n er eit mangfaldig arrangement, men eit av dei viktige tema i år er berekraft og mattryggleik. Dette er like viktige samfunnsmessige tema i dag som det var ved oppstarten av Dyrsku'n i 1866.

I tillegg ventar eit vell av aktivitetar både innan kultur, husdyr, husflid og handel, og vi gler oss til å syne fram den fargerike folkefesten Dyrsku'n til Kronprinsparet, og til ei storslagen opning fredagskvelden.