Velkomen til noregsmeisterskap i graut

Helbygg med tyttebær og blåbær

onsdag 20. april 2016

10. september vert grautentusiastar, matekspertar og andre interesserte samla til Noregsmeisterskap i Graut på Dyrskuplassen.

Gjennom 4 heat kan deltakarane koke kvardagsgraut, festgraut og nyskapande graut som skal smakast på og bedømmast av eit domarpanel. Vinnaren sit att som Årets Grautgrams 2016!

”Graut og velling er av dei mest tradisjonsrike rettar i norsk matkultur, og har historisk vore ein viktig rett både i fattige kår og på festbordet. Etter år med velferdsvekst og spennande, importerte råvarer er vi no merksame att på kvardagsgrautens helsemessige effekt og internasjonale status. Vi skal ikkje lenger enn til København for å finne ein eigen grautbar, og i Skottland har det i fleire år blitt arrangert verdsmeisterskap. Det er derfor på høg tid at grautnasjonen Noreg lanserar sitt eige meisterskap”, seier prosjektleiar for Noregsmeisterskapen på Dyrsku'n, Anne Røde.

Tradisjonsrikt og dagsaktuelt

At det er Dyrsku'n som arrangerer meisterskapen er ingen tilfeldighet. Likskapen mellom dei to er påfallande. Dei er begge folkelege og tradisjonsrike, populære og dagsaktuelle. I år feirar Dyrsku'n 150-årsjubileum med å blant anna trekke fram grauten. Prosjektleiar for Dyrsku'n, Margit Nordstoga Aasan, ser fram til konkurransen. ”Vi gler oss til å sjå, smake og oppleve alle dei ulike variantane av norsk kvardagsgraut. Målsettinga er å bidra til auka kunnskap om nasjonale kornsorter og mjølkeprodukt, samstundes som vi skaper underhaldning for både deltakarar og nysgjerrige publikum.” Årets meisterskap blir det fyrste i historia, men om alt går som det skal, håper arrangøren på at meisterskapet kan bli eit fast innslag på den mangfaldige messa.

Påmelding og deltaking

Frist for påmelding til meisterskapen er satt til 10. august, det kan vera mogleg å koma med etter fristen, dersom det er ledige plassar. Vi ynskjer oss glade grautkokarar frå heile landet, unge og eldre, tradisjonsbærarar og dei nyskapande!

Deltakarane vil bli presentert i august.

Samarbeidspartnarar

Samarbeidspartnarar i prosjektet er Opplysningskontoret for Meieriprodukter, Norges Bygdekvinnelag og Nofima