Kvifor vere utstillar på Dyrsku'n

Landbruk

fredag 29. januar 2016

I 150 år har haustsesongen blitt delt i to - før og etter Dyrsku´n i september. Bønder, produsentar, seljarar og andre næringsdrivande kjem langvegs frå for å presentere nyheiter og tilbod for tusenvis av besøkande. Til gjengjeld kjem dei besøkande av tradisjon til det gamle fesjået for å lære, bli inspirera og ikkje minst gjere den gode handelen. I 2015 var det registrert heile 700 utstillarar på messa, noko som gjer Dyrsku’n til landets største handels- og landbruksmesse.

Høg kvalitet og ventelister

9. – 11. september feirar Dyrsku’n 150 år. Med ei forventing på over 90 000 besøkande og eit sterkt jubileumsprogram, håpar vi at årets messe går inn i historiebøkene. Gjennom heile jubileumsåret skal vi presentere ein rekke spennande nyheiter som hevar kvaliteten på innhaldet i messa. 

Dei siste åra har vi vore i ein takknemleg situasjon med ventelister og særs høg kvalitet på søknader, frå utstillarar innanfor bransjane mat, landbruk,  anlegg, bil og handverk, i tillegg til generell handel for både forbrukarar og næringsdrivande. Dette gjer at vi har moglegheit til å utvide messa ytterlegare, og samstundes sikre høg kvalitet på arrangementet. 

Med 150 års erfaring vet vi samtidig at dagens posisjon ikkje har kome av seg sjølv. Gode utstillaropplevingar krev at vi som arrangør er på tilbodssida og legg til rette for at både praktiske detaljer og totalopplevinga svarar til forventningane. I tillegg må sjølvsagt publikum vere fornøgd, både med kvalitet og mangfald.

5 gode argument

Fyrste april går søknadsfreista ut for å søke om utstillarplass i jubileumsåret. Kvifor bør du halde av 2. helga i september i år?

  1. 85 % av publikum seier dei oppnår ynskja handel etter eit besøk på Dyrsku’n
  2. 9 av 10 besøkande handlar 
  3. Meir enn 80 % av utstillarane kjem tilbake kvart år 
  4. 90 % av utstillarane er fornøgde med gjennomføringa av Dyrsku’n
  5. Det omsettast for 500 millionar kroner i samband med Dyrsku’n

Er du interessera i å søke på standplass til Dyrsku’n? 


"Dyrsku’n er for oss en fantastisk salgsarena. Vi møter mange kjøpelystne mennesker samtidig som folkelivet gjør messa unik"
- Bjørn Jensen, Grenland Bilservice