Listhaug gjev gåve til Dyrsku'n

29. oktober 2015


Landbruk- og matministeren overrekte gåva på heile 200 000 i eigen person på Dyrskuplassen i dag. Listhaug påpekte at Dyrsku'n står for noko svært viktig nasjonalt og at det var sjølvsagt for departementet å vere med å bidra.

Ministeren meiner Dyrsku´n har ein stor betydning for folk både i og utanfor landbruket og roste Dyrsku'n for måten den snart 150 år gamle arven er forvalta på. “Det har vore ei enorm utvikling på Dyrsku'n og messa har gjennom åra blitt sterkare og sterkare.”  Departement og minister ynskjer og å vera tilstades på neste års arrangement. “Me har allereie sett av Dyrsku´ns 150 - års jubileum i kalenderen og gler oss til å koma tilbake anten om det er til debatt, tivoli eller potetskrelling. Her på Dyrsku´n finns jo det meste!“

Fornøgd dagleg leiar

Det var ein stolt og takknemleg dagleg leiar som mottok gåvesjekken. Han fortel at pengane kjem godt med til jubileet. “Me ynskjer å styrke matsatsinga ytterlegare og vil bruke gåva til beste for å tilrettelegge for produsentar og for å skape ytterlegare blest om både Dyrsku´n, mat og landbruk.”  Espedalen sa vidare at han også er takknemleg for departementets prioritering av Dyrsku'n. “Det er 3. gong du legg eit besøk hit og vi er svært takknemlege for at du ynskjer å prioritere oss. Dyrsku´n legg mykje ressursar i å jobbe med nasjonale partnerar og ikkje minst Landbruk- og matdepartementet. Det er fantastisk for oss å få jobbe med ein statsråd som er så engasjert i det arbeidet vi driv med på Dyrsku´n, “ avslutta Espedalen.