Lyst å vere ein del av Dyrsku familien

Oversikt Dyrsku'n 2014

23. mai 2016

Bli med på noko morosamt, historisk og lærerikt: Meld deg som frivillig til Dyrsku’n 2016!

I år feirar handels- og landbruksmessa Dyrsku’n 150 år. I løpet av messas tre dagar forventast opp mot 90 000 besøkande og over 750 utstillarar til den vesle bygda Seljord i Telemark.

Vi søker etter frivillige som ynskjer ei unik oppleving og ei god erfaring. Kronprinsparet kjem, og fleire statsrådar kjem. Det vil bli ei stor jubileumsframsyning med avsluttande Hellbillieskonsert fredagskvelden, i tillegg eit tettpakka program alle dagar.

Vi kan love deg hektiske, sosiale og morosame dagar!  

Vi kan tilby deg jobb ein dag, få ein dagsbillett, mat på dagen du jobbar og ei oppleving for livet!

Dyrsku’n 2016 arrangerast 9. – 11. september. Er dette noko for deg?

Send oss ein e-post på post@dyrskun.no


Kva du kan bidra med: 

  • Vertskap 
  • Miljø & reinhald