Mathea-Mari til Dyrsku'n

tirsdag 7. juni 2016

I 2014 vann Mathea-Mari MGP Jr. med låta #online. No er Bergensjenta klar for Dyrsku'n!

Hausten 2012 entra ei lita jente frå Bergen scenen på «Norske Talenter». Ut av den unge kroppen kom ein klokkeklar stemme som gikk rett i hjartet til dommarane og tok henne, ikkje berre til finalen, men sikra henne audition for hovudrolla i «Annie» saman med tusen andre born. Mathea-Mari fikk rolla, oppsetjinga på Folketeatret året etter vert ein braksuksess og den unge jenta med det lange håret sitt namn var straks på alle sine lepper. 

I 2014 song Mathea-Mari seg nok ein gong inn i hjartane til publikum og stakk av med sigeren i MGPJr med den sjølvskrivne låta «#online». Ei låt som fikk mykje merksemd for teksten som stillar spørjeteikn til mengda sosiale mediar blant barn- og ungdom. 

Med nærare 100 gjennomførte konserter dei siste åra og tallause TV-framsyningar, har den no 15 år gamle jenta meir konsert- og sceneerfaring enn dei fleste kan drøyme om. 

Sundag er familiedagen på Dyrsku'n. Her finn du årets program!

Det siste året har det unge talentet brukt mange timar i studio på nye låtar og gler seg til å dele dei med publikum. «Det beste jeg vet er å stå på scenen og treffe fansen. Jeg gleder meg enormt til å reise rundt og holde konserter i 2016 med nye låter på spillelisten», forteller Mathea-Mari og fortset: «Til høsten begynner jeg på videregående og jeg skal fullføre skolen ved siden av musikken, men jeg vet allerede at det er artist og musiker jeg skal være. Jeg har ingen plan B».

Når Mathea-Mari lanserar sin nye låt «One of Them» er det nok ein gong med eit betydingsfullt bodskap til sin generasjon: «Jeg har blitt veldig glad i «One of Them». Den setter ord på følelser jeg har kjent på selv. Det er en ærlig låt som jeg vet mange andre unge vil kjenne seg igjen i», seier den bevisste bergensjenta. 

Sundag 11. september kan du sjå Mathea-Mari på Fjoset!