Matlyst Dyrsku'n 2016

torsdag 21. april 2016

Også i jubileumsåret er satsinga og fokuset på mat stort på Dyrsku'n. Både Noregsmeisterskap i graut og kaketevling er ein del av satsinga under Matlyst Dyrsku´n 2016. Bli kjent med årets nyvinningar på programmet! 

Kaketevling

Onsdag 20. april var juryen samla for å bedømme alle dei flotte bidraga som var levera inn til kaketevlinga som vart utlyst i vinter. «Interessa og engasjementet har vore stort og vi er svært godt nøgde med alle kandidatane, som ynskjer at nettopp deira bidrag skal bli sjølvaste Dyrskukaka», seier prosjektleiar i Dyrsku'n, Margit Nordstoga Aasan. Juryen besto av Kristine Ilstad, gründer og eigar av bloggen Det søte liv (Noregs mest leste kakeblogg), Aase Jacobsen, redaktør i Aperitif, Bob Gottschal (Matkontakt frå Fylkesmannen i Telemark), Lene Lindquist Haugen (Bakeribua i Bamble), Helle Førland (Kantinedrift på Nome Vidaregåande skule, avd. Søve) og kjøkkensjef på Dyrsku'n, Anette Lindskog Øverbø. Kakene vart nøye vurdert etter både smak, utsjånad og konsistens. 

Tilslutt var det «Rabarbradrøm» frå Klingeling ved Gunn Marit Krogsrud som trakk det lengste strået.

Juryen gav denne begrunnelsen:

«En enstemmig jury har kåret Klingeling v/Gunn-Marit Krogsrud som vinner av Bakekonkurransen "Jubileumskake til Dyrsku'n". Dette bidraget ga etter juryens oppfatning den beste totalopplevelsen etter at alle bedømmingskriterier var vurdert. Vi gratulerer!

Juryens begrunnelse: Vinnerkaken "Rabarbra drøm" er en smakfyll hasselnøtt terte med friskt rabarbra fyll. Smaken balanserer søt og syrlig på en utmerket måte. Vi ser at kaken kan ha flere bruksområder. Kaken kan serveres som porsjonskake på Dyrsku'n, passer fint som kake på møte og kan også egne seg veldig godt som dessertkake sammen med Telemarkis. Prosessen videre nå er å jobbe mer med design og emballasje.»

Vi gratulerar!

Kaka kjem for sal under jubileumsarrangementet Dyrsku'n 150 år 9. - 11. september.


 

NM i graut

10. september vert grautentusiastar, matekspertar og andre interesserte samla til Noregsmeisterskap i Graut på Dyrskuplassen. Gjennom 4 heat kan deltakarane koke kvardagsgraut, festgraut og nyskapande graut som skal smakast på og bedømmast av eit domarpanel. Vinnaren sit att som Årets Grautgrams 2016!

”Graut og velling er av dei mest tradisjonsrike rettar i norsk matkultur, og har historisk vore ein viktig rett både i fattige kår og på festbordet. Etter år med velferdsvekst og spennande, importerte råvarer er vi no merksame att på kvardagsgrautens helsemessige effekt og internasjonale status. Vi skal ikkje lenger enn til København for å finne ein eigen grautbar, og i Skottland har det i fleire år blitt arrangert verdsmeisterskap. Det er derfor på høg tid at grautnasjonen Noreg lanserar sitt eige meisterskap”, seier prosjektleiar for Noregsmeisterskapen på Dyrsku'n, Anne Røde.



Tradisjonsrikt og dagsaktuelt

At det er Dyrsku'n som arrangerer meisterskapen er ingen tilfeldighet. Likskapen mellom dei to er påfallande. Dei er begge folkelege og tradisjonsrike, populære og dagsaktuelle. I år feirar Dyrsku'n 150-årsjubileum med å blant anna trekke fram grauten. Prosjektleiar for Dyrsku'n, Margit Nordstoga Aasan, ser fram til konkurransen. ”Vi gler oss til å sjå, smake og oppleve alle dei ulike variantane av norsk kvardagsgraut. Målsettinga er å bidra til auka kunnskap om nasjonale kornsorter og mjølkeprodukt, samstundes som vi skaper underhaldning for både deltakarar og nysgjerrige publikum.” Årets meisterskap blir det fyrste i historia, men om alt går som det skal, håper arrangøren på at meisterskapet kan bli eit fast innslag på den mangfaldige messa.

Les meir om Årets Grautgrams her!

Samarbeid med Vest-Telemark Vidaregåande skule avd. Seljord

I fleire år har Dyrsku'n hatt eit godt samarbeid med Vest-Telemark vgs, avd. Seljord. Det er ein vinn-vinn situasjon, er prosjektleiaren i Dyrsku'n og ansvarleg hjå VTVGS, einige om. Gjennom to inspirasjonsdagar i april jobbar elevar og matguru Hanne Frosta fram dei rettane som skal serverast Dyrskupublikummet i pop-up kjøkkenet på  Matkvartalet . 

«Gjennom prosjektet får elevane ny kunnskap om lokalmat, noko dei bringer med seg når dei skal ut i sitt kokkevirke. Samtidig er det alltid spennande å jobbe med elevar og skular.  I fellesskap klekker me ut mange gode idear og innovative rettar», seier mentoren Hanne Frosta. 

Prosjektleiar i Matlyst Dyrsku'n Margit Nordstoga Aasan seier det er moro å sjå kor engasjerte dei unge kokkane er, og syns det er ein flott måte å formidle ny og viktig matkunnskap. Og når alt er testa og smaka, er det klart for servering til det store Dyrskupublikummet i september.